NRK Meny
Normal

Ni bomstasjonar mellom Kristiansand og Lyngdal

Det vil koste 207 kroner å køyre frå Kristiansand til Lyngdal når ny E39 er på plass.

Bomstasjoner E39 Kristiansand - Lyngdal

Her vil Nye Veier plassere bomstasjonane på E39.

Foto: Nye Veier

– Vi skal ha finansiering frå staten og delfinansiering med bompengar. Vi legg opp til delbetaling der du betalar for strekninga du brukar, seier direktør for planprosessar og samfunnskontakt i Nye Veier, Finn Aasmund Hobbesland til NRK.

Bygginga av den nye fire felts vegen startar etter planen i løpet av 2018.

Torsdag kveld får kommunestyra i Mandal, Lindesnes og Lyngdal informasjon frå Nye Veier om kva det vil koste å køyre på den nye vegen.

Dette vil det koste

  • Det skal koste tre kroner per kilometer, som svarar til 207 kroner for å køyre heile strekninga.
  • Prisen for å køyre heile strekninga blir 166 kroner dersom ein har bombrikke og dermed får 20 prosent rabatt.
  • I dag er strekninga 80 kilometer. Når vegen er ferdig utbygd vil strekninga vere 68 kilometer.
  • Det blir ni bomstasjonar på strekninga.
  • Den nye vegen er fire felts veg
  • Nyttekøyretøy skal betale tre gonger så mykje som vanlege bilar.
  • Reisetida vert redusert frå 70 minutt til 37 minutt.

– Grunnen til at vi har lagt oss på tre gonger for nyttekøyretøy er at prosjektet har veldig stor nytte for tungtransporten. Ein får reisetida redusert vesentleg. Ein får også vekk bakkane som har gitt problem på vintertid. Drivstoffet vert også vesentleg redusert, seier Hobbesland.

– Stor betalingsvilje

Han hevdar det har vore stor betalingsvilje i tungtransporten i andre prosjekt.

– Fordi de får redusert reisetid og redusert kostnad, seier han.

Førebels har vegselskapet lagt opp til ei byggetid på 12 år.

– Men det er mogleg å tenke at ein bygger raskare, eller at ein bygger seinare. Bygger ein ut seinare blir bompengebelastinga lågare. Bygger vi ut raskare blir den høgare tidleg, men ein får også ny veg tidlegare, seier Hobbesland.

– Heilt ute av proporsjonar

Onsdag fortalde NRK om lastebilnæringa som fryktar gigantiske bomavgifter.

– Bomavgiftene for tunge køyretøy er i dag tre gonger personbiltakst. Avgiftsnivået er heilt ute av proporsjonar og det er ingen som lenger har kontroll på den totale belastninga som bompengane får, sa regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund, Reidar Retterholt.

Også NHO har gitt uttrykk for at dei fryktar at auka bompengeutgifter avgrensar moglegheita for folk til å jobbe der dei ynskjer.

Det kan bli ni bomstasjoner mellom Kristiansand og Lyngdal i fremtiden.

Sjå intervju med direktør for planprosessar og samfunnskontakt i Nye Veier, Finn Aasmund Hobbesland.