Hopp til innhold

Netthandelen vurderer å flytte ut av landet

På grunn av tøff konkurranse med internasjonale aktørar som har etablert seg i Norge, kan Netthandelen komme til å flytte lageret sitt ut av landet.

Einar Øgrey Brandsdal

Einar Øgrey Brandsdal eig Netthandelen.

Foto: Videobilde / NRK

– Høg dollar, auka innkjøpsprisar, auka konkurranse frå internasjonale aktørar og ei momsgrense som er justert opp skapar ei bekymring, seier finansdirektør Kolbjørn Ertzeid i Netthandelen til NRK.

I dag kan du bestille varer på nett frå utlandet utan å betale moms, så lenge du held deg til grensa på 350 kroner.

I dag er det 60 tilsette på lageret på Mjåvann i Songdalen.

Netthandelen-gründer og eigar, Einar Øgrey Brandsdal, seier det vil vere trist om dei flyttar ut av landet.

– Pyton å tenke på

– Det er eigentleg pyton å tenke på å flytte lageret. Men vi konkurrerer i ein marknad der landegrense betyr lite, og mot ei rekkje store, utanlandske aktørar som opererer i Norge, seier han til Fædrelandsvennen.

Netthandelen hadde likevel eit bra resultat i fjor med eit driftsresultat på 12,6 millionar kroner.

Men auka konkurranse, spesielt dei siste åra, gjer at finansdirektøren og eigaren ser på alternativ.

– Det er tøft å konkurrere mot utanlandske aktørar når ein kunde av oss må betale full moms på vara, samstundes som ein kunde av dei slepp å betale full moms, seier Ertzeid.

Ser på moglegheitene

Netthandelen har allereie butikkar i Danmark og Sverige gjennom selskapet Cocopanda. I tillegg leiger dei lagerplass i Flensburg i Tyskland.

Men når leigeavtala på det største bygget deira på Mjåvann i Songdalen går ut om to år, kan Netthandelen flytte lageret ut av Norge.

– Det kan og tenkast at vi har delar av lagerdrifta på Mjåvann og i utlandet. Dette er noko vi vil sjå på i tida framover, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %