NRK Meny
Normal

Nettbutikken som reddar bygda

Fleire norske kommunar slit med å finne nok arbeidsplassar for å hindre frå flyttflytting. I Åmli har nettbutikken Multicom vist at det er mogleg å skape nye arbeidsplassar.

Video Nettbutikken som redder bygda

– Vi lagar stasjonære- og bærebare pcar som har litt meir kraft for dei som treng det, seier dagleg leiar Tron Atle Løvig til NRK.no.

Bedrifta vart starta i 1997 og er no blitt ein av dei store dataprodusentane i landet. Bedrifta sin nettbutikk har blitt kåra til ein av dei to beste i Norge.

100 millionar i året

I dag har bedrifta 20 tilsette med ulik bakgrunn.

– Eg kjem opprinneleg frå Stuttgart i Tyskland. Eg har norsk mor, og tysk far. Foreldra mine bur no i Tvedestrand, fortel Diana Fleischmann som til dagleg byggjer pcar.

– Vi har mange kvinner og ei god blanding av mange nasjonalitetar, seier Løvig.

Åmli-bedrifta omset for nesten 100 millionar kroner årleg. Kommunen har hatt noko nedgang i folketalet, men har også satsa hardt på omstilling for å få nye arbeidsplassar.

Billegare på bygda

– Sidan vi driv nettbutikk og sender varene i posten betyr det ikkje så mykje kvar vi held til. Vi har billegare lager og lågare kostnader for arbeidskraft, seier han.

– Så ein tener dårlegare her, enn om de hadde halde til i Oslo?

– Ja, heilt klart, seier han.