NRK Meny
Normal

Nervøs før stafett-debuten

Skiskyttar Marte Olsbu frå Froland skal gå sin første stafett i verdscupen i tyske Oberhof onsdag.

Komm.: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde.

Sjå verdscupstafetten direkte frå klokka 14.10.

– Det blir veldig spennande. Det blir ei kjempeoppleving og eg både gruar og gler meg veldig,seier Olsbu til NRK.

Olsbu skal gå 1. etappe for det norske laget.

24-åringen er inne i sin første sesong på elitelandslaget. Før sesongstart uttala ho at målet for sesongen er å få gå stafetten i VM.

Viktig erfaring

Difor vert onsdagens stafett eit viktig løp for å vise at ho er god nok for å gå VM-stafett.

– Det blir det. Men eg må berre prøve å gjere det eg kan og ikkje tenke så mykje. Eg går mot kjempesterke løparar. Eg må fokusere på meg sjølv og håpe at det er bra nok, seier Olsbu.

Sørlendingen vedgår at ho har lite erfaring med å gå første etappe. Samstundes trur ho at forma er god. I løpet av jula har ho halde seg frisk og fått trent bra.

– Heilt forferdeleg

– Eg har fått trent bra med mange rolege økter. Dette blir den første skikkeleg harde økta etter jul. Det blir spennande å sjå korleis det går, seier ho.

Korleis trur du minutta før start blir?

– Det blir sikkert heilt forferdeleg. Eg får prøve å fokusere og tenkje på kva eg skal gjere, ler ho.

Olsbu har variert stort i prestasjonane så langt denne sesongen. Hennar beste plassering i verdscupen er ifrå 10 kilometeren i Pokljuka i Slovenia i