NRK Meny
Normal

Nektar straffskuld: – Var ikkje klar over at det fins flytande narkotika

Ein 47 år gammal mann frå Litauen nektar straffskuld for å ha innført flytande amfetamin til Norge.

Rettssaka mot mannen starta i Kristiansand tingrett tysdag morgon.

– Sidan det var flytande, hadde eg ikkje ein tanke om at det kunne vere narkotika. Eg var ikkje klar over at det fins narkotika i flytande form, forklarte mannen via tolken sin i tingretten.

Tok danskebåten

Mannen forklarte at han reiste frå Litauen via Polen, Tyskland og Danmark til Norge.

– Hadde eg vore klar over at det var narkotika, hadde eg aldri teke det med meg, sa mannen.

47-åringen vart stoppa på hamna i Kristiansand i februar i år då han han kom med danskeferja. Tollarane fann fem flasker med flytande amfetamin gøymt i eit konstruert rom ved bensintanken på bilen.

Flaskene inneheldt kring fem liter flytande amfetamin. Undersøkingar Kriops har gjort viser at mengda tilsvarar kring 20 kg amfetamin i pulverform.

Amfetamin vert omsett på gata for kring 300-500 kroner grammet. Det betyr at beslaget har ein potensiell omsetningsverdi på 10 millionar kroner.

Tollvesenet har beskrive beslaget som eitt av dei største nokosinne, Det vart også funne til saman 103 gram marihuana i to flasker.

I tingretten forklarte mannen at han skulle til Norge for hente nesten 5000 euro, som ein person skulda han.

Fekk tilbod om 1000 euro

I politiavhøyr har mannen forklart at kom i kontakt med ein annan person, som tilbaud han 1000 euro for å frakte dei fem flaskene til Norge.

– Eg fekk forklart at det er eit rusmiddel som blir selt i Norge, som er noko sterkare enn alkohol. Eg undersøkte litt og fann ut at det vart brukt i Sverige, som alkoholsubstitutt, forklarte mannen.

Mannen hevdar at han fekk forklart at stoffet var sterkare enn alkohol, og at ein liten «kork» tilsvarar rusen du får ved å drikke ei flaske brennevin. 47-åringen fortalde at han fekk overlevert flaskene i Polen.

– Eg tok opp flaskene for å sjå på dei, men det var ikkje så lett å sjå kva som var inne i dei fordi dei var teipa. Men eg kjende at det var flytande innhald i dei, sa han.

Litauaren forklarte i retten at han skulle levere stoffet på Voss i Hordaland.

– Eg fekk beskjed om at eg skulle få ein telefon når eg kom til Norge. Det kan vere at eg hadde blitt møtt av nokon i nærleiken av Voss. Men det kan også hende at eg skulle køyre heilt til til Voss. Det kan eg ikkje svare på, seier mannen, som aldri fekk oppringing frå oppdragsgjevaren.

Fryktar for livet sitt

Mannen vil ikkje avsløre identiteten til oppdragsgjevaren i heimlandet.

– Eg har ikkje sagt namnet til politiet. Eg har ikkje lyst med tanke på korleis dette har utvikla seg. Eg fryktar for livet mitt og familien min. Eg har ikkje lyst til å seie kva han heiter, sa han.

Mannen forklarte i Kristiansand tingrett at han kjøpte bilen som vart brukt i Stockholm i Sverige. Mannen hevda at han ikkje visste at det var eit holrom under det eine setet.

– Eg hadde ikkje kjøpt bilen dersom eg visste at det var eit holrom der, fortalde han i tingretten.

Han forklarte seinare at han fekk vite om holrommet ei veke før han reiste til Norge.

47-åringen sa i retten at han fekk sjokk då han vart stoppa av Tollvesenet, og dei fortalde at han hadde narkotika i bilen sin.

– Formålet med turen var å hente pengane, som ein mann skulda meg. Eg forstod ikkje kvifor eg skulle bli teken for noko slikt. Eg var i sjokk då dei sa at eg hadde narkotika i bilen. Eg forstod ikkje kva som føregjekk. Eg klarte ikkje å tenkje klart, seier han via tolken.