NRK Meny
Normal

Nei til pol på Hovden

Det vert ikkje vinmonopol-utsal på Hovden.

Vinmonopolet - rødvin

Nytt avslag på pol på Hovden.

Foto: Piera Balto / NRK

Styret i AS Vinmonopolet sa på sitt møte i går nei til vinmonopolutsal på Hovden i Bykle kommune.

Dette er andre gang Bykle kommune har søkt om polutsal i turistsenteret øvst i Setesdal og fått avslag, skriv avisa Setesdølen.

Ordførar Kay Jeiskelid seier til avisa at kommunen ikkje vil gje opp kampen for Vinmonopol, men ta saka opp igjen ved eit seinare høve.