Hopp til innhold

60 prosent seier nei til samanslåing

Motstanden mot samanslåing av agderfylka har auka frå 44 prosent i juni til 60 prosent i november.

Laila Øygarden

SJUKEHUSKAMP: Fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden, trur sjukehusdebatten er årsaka til at 60 prosent av aust-egdene seier nei til ei fylkessamanslåing. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Det viser ei meiningsmåling Infact har gjort for Agderposten. Fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden, trur løpet er køyrt og legg skulda på sjukehusstriden.

– Det er sjukehusstriden vår som er årsaka. Den dagen eg såg 12 000 menneske gå i fakkeltog for tredje gang, sa eg til meg sjølv: der gjekk spikeren i kista, seier Øygarden til Agderposten.

Trur sjansane er mindre

– Så lenge dette fokuset er på sjukehuset vårt, og no er det jo noko i avisene nesten kvar dag, så trur eg sjansane vert mindre og mindre for at det skal bli fleirtal for å slå saman fylkene. Dessverre, men det er jo mindre enn eitt år att til folkeavstemning, seier ho.

Sjølv er ho klar på at ho framleis ynskjer eitt Agder.

– Eg meiner eitt Agder er det riktige. Det vil gi meir effektiv drift, og bli meir slagkraftig. Vi har jo så mykje felles allereie, seier Øygarden.

Nektar å gi opp

Ho får støtte av fylkesvaraordførar Oddvar Skaiaa.

– Det har vore eit voldsomt køyrt på dette med sjukehuset. Så klarar ikkje folk å sjå skilnaden på sjukehus og fylkeskommunen sitt ansvarsområde. Det forstår eg på ein måte, men vi får prøve å få folk til å forstå at dette ikkje kan samanliknast, seier han til NRK.no.

– Trur du løpet er køyrt med tanke på ei fylkessamanslåing?

– Nei, eg trur ikkje det. Men det er klart at på den stemningsbølgja som har vore ser det negativt ut. Men ting snur fort, det var vi sett i mange samanhengar. Eg er ikkje villig til å gi opp endå. Eg trur at vi med sakleg og god informasjon kan vinne tilbake ganske mange av desse folka, seier Skaiaa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %