Hopp til innhold

Nedrykksdramaet: – Liten fordel oss

Trass i at dei ligg eitt poeng bak på tabellen meiner Mjøndalen-trenaren at laget hans har større sjans til å sikre eliteserieplassen enn Start.

Mjøndalen scoret

Mjøndalen-spelarane feirar scoring i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vi er betre stilt no enn før kampen. Start har veldig tøffe kampar, men når det er sagt skjer det alltid noko rart på slutten. Men eg trur vi har ei litt betre moglegheit enn Start, seier Mjøndalen-trenar Vegard Hansen til NRK.

Vegard Hansen

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen på sidelinja mot Start i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det vart på førehand omtala som skjebnekamp og kampen ingen av laga hadde råd til å tape.

Oppgjeret mellom Start og Mjøndalen enda uavgjort 1–1. Dermed ligg Start framleis på kvalifiseringsplass eitt poeng føre Mjøndalen med to kampar att. Men i Mjøndalen-leiren meiner dei at eitt poeng var godt nok i Kristiansand.

– Hadde vore ferdig med tap

Hansen vedgår at han ikkje tok nokon sjansar i sluttminutta.

– Det var veldig viktig å ikkje tape. Då hadde vi så å seie vore ferdige, seier han.

Hansen får støtte av Christian Gauseth i at Mjøndalen er i førarsetet før dei to siste serierundane.

– Vi har ein lettare heimekamp enn Start. Ein liten fordel oss, men den er ikkje stor, seier han.

I neste serierunde skal start møte eit Stabæk-lag på medaljejakt på Nadderud medan Mjøndalen tek imot Aalesund på heimebane. I siste serierunde får Start besøk av Molde medan Mjøndalen møter Viking på bortebane.

Henrik Breimyr

Start-spelar Henrik Breimyr får trøyst av klubben sin maskot etter eitt poeng i skjebnekampen mot Mjøndalen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Ei stor utfordring

Start-trenar Bård Borgersen vedgår at det blir tøft for Start å sikre kvalifiseringsplass eller sikker plass.

– Det er ei stor utfordring for oss. Eg trur vi berre skal konsentrere oss om å spele neste kamp og prøve å ta tre poeng der, svarar Borgersen på spørsmål om han trur laget klarer å sikre plassen.

Start-sjefen hadde ikkje takka ja til kvalifiseringsplassen om han hadde fått tilbod om den to serierundar før slutt.

– Nei, vi vil helst halde oss direkte, seier han.

Tigerberget mot Mjøndalen

Start-fansen går nye spennande veker i møte.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Trur på poeng mot AaFK

Vegard Hansen var imponert over eige lag mot Start og trur på poeng mot Aalesund i neste kamp.

– Det var ein veldig «go» og innsats. Vi spring enormt. Det gjer meg tru på at vi tek poeng også mot Aalesund.

Tromsø ligg på sikker plass eitt poeng over Start. Dei skal i aksjon laurdag borte mot Sarpsborg 08.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %