Hopp til innhold

Nav-kontor stengd etter trugslar

Nav-kontoret i Grimstad er stengd etter å ha motteke trugslar mot tilsette. Politiet har ein mistenkt som er etterlyst.

Den mistenkte skal vere kjend for politiet frå tidlegare, men er førebels ikkje pågripen.

Ifølgje Agderposten mottok kontoret eit brev i posten måndag morgon. Innhaldet skal ha vore ein trugsel frå ein av brukarane.

Valdstrugsel

– Eg vil ikkje kommentere innhaldet i brevet, men det gjekk på valdstrugsel mot medarbeidarar ved kontoret. Då stenger vi, seier Finn Berthrand Henningsen som er leiar ved Nav-kontoret til NRK.

Kontoret vart stengt ved 10.30-tida måndag. Nav-kontoret i Grimstad har 38 medarbeidarar.

– Det er aldri hyggeleg å bli truga av brukarar. Så veit vi at mange av brukarane som trugar er i ein fortvila situasjon. Det gjer noko med kontoret. Det er ingen hyggeleg dag, seier Henningsen.

– Sjeldan vi opplever slikt

Operasjonsleiaren i Agder-politiet vil førebels ikkje kommentere saka overfor NRK. Men Nav-leiaren seier at kontoret vil opne som vanleg tysdag morgon.

– Vi kjem til å ha ekstra vakthald, seier han.

Brevet er sendt til politiet og meldt.

– Det er heldigvis sjeldan vi opplever slik. Det har skjedd tidlegare, men ikkje ofte. Som regel er det per telefon eller brukarar som møter opp. Vi har ikkje motteke trugslar per brev tidlegare, seier han.

Dette er den andre trugselen mot eit Nav-kontor på Sørlandet på kort tid. I førre veke vart ein vektar ved Nav-kontoret i Kristiansand drapstruga.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %