– No står det industrilokale ledige. Vi håpar det er folk som er interessert i å etablere seg i lokala og starte ny bedrift og produksjon. Men om kompetansenivået i ei ny bedrift passar med den kompetansen dei som er sagt opp har veit ein aldri, seier NAV-leiar Jens-Jacob Aasbø til NRK.
I går fekk dei
til Finland. Dermed misser dei jobben.– For vår del er det dramatisk. Dette er ei kjempestor mengde menneske etter vår målestokk, seier NAV-leiar Jens-Jacob Aasbø til NRK.
Arbeidsløysa i kommunen har vore låg. No kan det blir langt tøffare tider. I neste veker startar NAV med enkeltsamtaler. Han trefte mange fortvila tilsette i går.
– Det er prega menneske i vaksen alder. For enkelte vil det vere ei utfordring å starte på ei ny yrkeskarriere, men det vil vere vår jobb å informere og motivere for det, seier han.
– Det er klart det er fortvilande. Det dreiar seg ikkje berre om dei 45, men 45 familiar som vert berørt. Dermed heile lokalsamfunnet, seier han.