NRK Meny
Normal

Næringslivet løftar Vipers mot toppen

Vipers Kristiansand har allereie 9 av 10 draktsponsorar klar før neste sesong. – Eventyrleg, seier dagleg leiar Terje Marcussen.

Thorey Rosa Stefansdottir, Vipers Kristiansand

Thorey Rosa Stefansdottir jublar for scoring mot Larvik. Vipers Kristiansand opplever eit næringsliv som støttar opp.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Alle draktsponsorane har allereie fornya avtalene sine med klubben. Verdien på avtalene har samla auka med kring 20 prosent, ifølgje Marcussen.

– Det er heilt fantastisk bra. Det viser berre at marknaden i Kristiansand tykkjer at det er gøy med det vi har prestert det siste året, seier han.

Terje Marcussen

Dagleg leiar i Vipers Kristiansand, Terje Marcussen.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Klubben kan i tillegg gle seg over å vere ein av eliteserieklubbane med høgst tilskodarsnitt. Vipers har over 1400 tilskodarar i snitt på heimekampane sine. Det er ei auke på over 100 prosent frå i fjor.

Ny publikumsrekord

Tysdag kveld sette dei publikumsrekord med 2097 tilskodarar i oppgjeret mot Larvik i Aquarama.

– Vi har klart å skape ei ramme rundt kampane. Det betyr litt. Vi spelar i ein veldig bra hall og har vi har ein trenar som folk er nysgjerrig på å sjå. Samansetninga av desse tinga kombinert med bevisst arbeid i sosiale medier har medført at vi har fått ein del ekstra tilskodarar, seier han.

Klubben har som mål å utfordre suverene Larvik på sikt. Tysdag vart det stortap mot Larvik, som er ein av dei beste klubbane i verda.

Kontrastane er store frå Vipers som opplever auke sponsorkroner, til Larvik som kjempar for å unngå konkurs. Innan 20. februar må Larvik hoste opp fem millionar kroner for å unngå konkurs. Det håpar Marcussen at dei klarer.

– Synd i Larvik

– Eg synest synd i dei. Norsk handball treng verkeleg Larvik. Vi kan ikkje sitje å håpe på at dei går konkurs. Vi har lyst til å slå dei ein av dei neste sesongane, seier Marcussen.

Han trur at Vipers Kristiansand aldri vil hamne i same situasjon som vestfoldingane.

– Eg trur vi har ein styringsmodell som gjer at det aldri vil skje for oss, seier han.

– Når slår Vipers Larvik?

– Det er fristande å seie neste år. Det kjem litt an på kor mange spelarar dei eventuelt misser. Dersom dei misser fleire spelarar trur eg vi kan matche dei neste år. Men eg er kanskje bygd og skrudd saman litt meir optimistisk enn mange andre, og kanskje ikkje heilt realistisk, ler han.