Hopp til innhold

Nær 100 vogntog stod bom fast

Trafikken stod måndag kveld bom stille på E39 mellom Mandal og Søgne i Vest-Agder. Årsaka var vogntog som hadde køyrt seg fast.

Trafikken står på E39

Kø på E39.

Foto: Magnus Henriksen

– Det snør, men det er ikkje så ille. Med gode vinterdekk kjem du fram, seier Magnus Henriksen til NRK ved 19-tida måndag kveld.

Henriksen står i kø og er på veg austover. Trafikken vestover går utan problem.

Ifølgje ein innringjar står det mange vogntog i kø.

Vegskrape på veg

– Eg talde 92 vogntog på rekkje og rad, seier tipsaren til NRK.

Ifølgje Vegtrafikksentralen er det 5-6 vogntog som står fremst som har køyrt seg fast.

– Ei vegskrape er på veg og bør vere på plass ved 19-tida. Deretter vil vegbana bli strødd, seier Anne Berget ved Vegtrafikksentralen.

Vegvesenet jobbar no på spreng med å løyse opp køen. Dei hjelper til med å leggje kjetting på vogntoga som står fast.

– Dei er ute med tungt materiell. Vi reknar med at køane vil avta, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Øystein Vellesen til NRK.

Mellom klokka ni og ti måndag kveld var problema i ferd med å løyse seg opp. Like før klokka 22 konstaterte NRKs reportasjeteam at køen var borte, då dei køyrde strekninga.

Over 100 vogntog står i kø.

Stengt tidlegare på dagen

Politiet veit ikkje kor lang kø det var då det stod på. Dei kunne heller ikkje stadfeste om det var nær 100 vogntog i køen.

– Det har ikkje vi fått melding om, seier Vellesen.

Tidleg måndag ettermiddag skjedde det ei trafikkulykke lengre vest på E39. Då var vegen stengd i fleire timar.

– Så raskt det blir stopp i trafikken blir det fort lange køar. Men vegvesenet har høg beredskap og tungt utstyr for å kunne trekkje opp vogntoga, seier Vellesen.

Statens vegvesen vurderer no om dei skal sjekke dekka til vogntoga som kjem i land med Color Line Superspeed i Kristiansand seinare i kveld.

– Vi har teke kontakt med Color Line no og vurderer å gjere det, seier Terje Bekker i Statens vegvesen.

Seinare måndag kveld opplyser Bekker at dei har vore i kontakt med Color Line, som fortel at det ikkje er nokon vogntog om bord i kveldsavgangen på veg til Kristiansand.

Massevis av vogntog i kø på E39 mellom Søgne og Mandal.
Nær hundre vogntog sto bom fast på E39 mellom Mandal og Søgne i går kveld.

VIDEO: Sjå reporter Knut Knudsen Eigeland rapportere frå E39.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %