Hopp til innhold

Nabo: – Tragisk at barna må oppleve dette

Ein av naboane til kvinna (43) som vart drepen på Nodeland seier ho nesten ikkje klarer å forstå kva som har skjedd.

Drap på Nodeland

Politiet har sperra av inngangspartiet til huset der drapet skjedde.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er rett og slett tragisk. Eg håpar systemet tek hand om barna. Spesielt med tanke på at dei kjem frå eit land der dei sikkert har opplevd mykje dårleg. Det er desto meir tragisk at dei får dette på toppen, seier ein nabo til NRK.

Drap Nodeland krimteknikere ved bil bakfra

Krimteknikarar på åstaden fredag kveld.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Det var like før klokka 22 fredag kveld at ei kvinne vart funne drepen i eit bustadhus på Nodeland i Songdalen kommune. Kvinna etterlet seg åtte barn.

Ektemannen (49) er sikta for drapet og har i avhøyr innrømt å ha drepe kona si.

Forstod ikkje alvoret

Familien er opprinneleg frå Syria og har budd i Norge i to år. Familien på ti har budd på Nodeland sidan november i fjor.

Naboen fortel at det tok tid før dei forstod at det var alvorleg.

– Vi såg jo mange politibilar, men tenkte at det ikkje var noko veldig alvorleg. Eg sende meldingar på Snapchat til nokre venner med bilete av politibilane. Det er jo ikkje så ofte det er så mykje styr her. Men så blei dei her så lenge. Då forstod vi at det hadde skjedd noko alvorleg, seier naboen.

Naboen kjenner ikkje nokon i familien, men at dei ofte såg barna leike på leikeplassen like ved huset. Alltid var nokon av foreldra med på leikeplassen, ifølgje naboen.

– Dei var stille, rolege og sa alltid hei. Det er utruleg rart å tenke på kva som har skjedd. Det er heilt surrealistisk. Det tek tid å bearbeide dette, seier naboen om drapet like ved.

Drap på Nodeland

Barna til kvinna som vart drepen fredag kveld leika ofte på denne leikeplassen, ifølgje ein nabo.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ei stor familietragedie

Dei åtte barna vert no teke hand om av barnevernsvakta i nabokommunen Kristiansand.

Kjell Sverre Langenes

Assisterande rådmann i Songdalen, Kjell Sverre Langenes.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dette er ei stor familietragedie. Særleg for barna som står att utan mor, seier assisterande rådmann i Songdalen kommune, Kjell Sverre Langenes til NRK.

– Vi veit at dei er godt ivaretekne av Barnevernet i Kristiansand. Vi er godt i gang med å sørge for at dei vert følgt godt opp når de kommer til Songdalen, sier den assisterende rådmannen.

Barna går i barenhage, skule og vaksenopplæring i Songdalen kommune.

– Dette er ei tragedie som pregar ein liten kommune som Songdalen. Her må vi stå saman, ta vare på dei etterletne, og kvarandre, seier Langenes.

Pressekonferanse etter konedrap i Songdalen

Politiet orienterte pressa om drapet laurdag føremiddag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %