Hopp til innhold

Nabo: – Merka inga amper stemning

Tom Ståle Moseid bur berre hundre meter unna drapsstaden i Valle. Naboen deltok sjølv på festen der ein 50-åring vart drepen, men marka ikkje amper stemning mellom offeret og mannen som er sikta for drapet.

Knivstikking i Valle

Ein nabo som deltok på festen der ein 50-åring vart drepen, merka ingen amper stemning før han gjekk.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Eg høyrde ingenting i natt og såg først på nettavisene i dag tidleg at det hadde skjedd eit drap, seier Moseid til NRK.

Knivstukken og drepen

Ein 50 år gammal mann vart knivstukken og drepen på ein privat fest natt til søndag. Ein 38 år gammal mann frå Grimstad er sikta for forsettleg drap og sit i avhøyr hos politiet.

Det skal ha oppstått ein krangel mellom dei to før mannen vart knivstukken.

– Då eg gjekk i 24-tida var det god stemning og ikkje noko som tyda på amper stemning, seier Moseid.

– God stemning

Ifølgje naboen skal det ha vore 8–10 personar til stades på festen. 50-åringen vart drepen i eit partytelt der alle var samla tidlegare på kvelden.

Dei fleste hadde gått heim før drapet skjedde.

Det vart konsumert alkohol under festen. Tidlegare på dagen hadde festdeltakarane heia på syklistar som deltok i sykkelrittet Kristiansand-Hovden.

– Eg var der i 2–3 timar på kvelden og det var god og hyggjeleg stemning, seier Moseid.

Sikta har forklart seg for politiet

Den drapssikta 38-åringen har forklart seg for politiet, men forsvararen hans vil ikkje sei noko om kva mannen har forklart.

– Han har så langt kome med det han kan av opplysningar til politiet, seier Svein Kjetil Stallemo, forsvarar for 38-åringen.

– Det er for tidleg å gje noko svar på korleis han stiller seg til siktinga. Han har vore hjå politiet og gjeve ei forklaring. Der gav han til kjenne at han må få lov til å komme tilbake til spørsmålet om korleis dette skal sjåast på rettsleg sett, seier Stallemo.

Fordi det er fleire vitne som akkurat no avhøyrast, og skal avhøyrast av politiet, vil ikkje forsvararen sei noko om kva klienten hans har sagt til politiet.

– Framstillast truleg for fengsling i morgon

– Han vil etter alle solemerke bli framstilt for fengsling i morgon. Då vil han få moglegheit til å knyte nokon merknader til sin forklaring, så må dommaren ta stilling til om han skal varetektsfengslast eller ikkje, seier forsvararen.

Han skal ha ein samtale med klienten sin seinare i kveld.

– Då får vi sjå kva opplysningar politiet gir oss, og om eg kan seie noko meir, seier Stallemo.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %