Hopp til innhold

Mykje regn, men ingen skader frå «Synne»

Ekstremværet «Synne» har feia inn over Agder og Rogaland med kraftig regn, men laurdag morgon var det ikkje meldt om skader som følgje av uvêret.

Danskebåten til kai i Kristiansand

Danskeferja ligg til kai i Kristiansand laurdag morgon. Avgangen laurdag morgon er kansellert.

Foto: Thomas Sommerset/NRK

– For vår del har natta vore veldig roleg, seier operasjonsleiar Sverre Birkeland i politiet i Agder til NRK.

Politiet på Agder og i Rogaland har ikkje motteke ei einaste melding om hendingar knytt til ekstremvêret «Synne» i løpet av natta.

Styrka vakthaldet

Også energiselskapet Agder Energi har hatt ei roleg natt utan eit einaste oppdrag.

– Vi har hatt styrka vakthald, men det har ikkje vore noko å jobbe med til no, seier kommunikasjonssjef Christian Altmann.

Heller ikkje Lyse i Rogaland melder om skader.

NRK har også vore i kontakt med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som heller ikkje har teke imot nokon meldingar i løpet av natta verken i Agder eller Rogaland.

To vegstrekningar er stengde som følgje av vêrtilhøva. Det er Vegglifjellvegen over Killingskaret i Telemark. I tillegg er vegen til Rossemyr i Suldal stengd av eit mindre jordras.

– Kommunen har personell i beredskap i tilfelle problem med vegar eller jordras. Det blir fortløpande sett til stikkrenner og slikt, seier rådmann Øyvind Valen til NRK.

Det har også gått eit mindre jordras på Eik i Lund kommune i Rogaland. Entreprenør er varsla for å rydde vegen.

Framleis ekstremvarsel

Meteorologisk institutt held oppe varselet om ekstreme vêrforhold. Tidleg laurdag morgon varslar dei om framleis store nedbørsmengde.

Det er venta ekstreme nedbørsmengde både i indre strok av Rogaland laurdag og natt til søndag. Det same gjeld i deler av Vest-Agder og nordvestlege deler av Aust-Agder.

På dei mest utsette stadene kan det komme opp mot 140 millimeter nedbør i løpet av 24 timar.

Frå søndag føremiddag er det venta at nedbøren vil gå over i bygeform.

Det er også varsla stor fare for snøskred i både Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.

Uvær ved Lindesnes fyr

Sjø ved Lindesnes fyr fredag.

Foto: Kjell Olsen

Ferjeavgangar kansellert

Ferjeselskapet Color Line avlyser fleire avgangar mellom Kristiansand og Hirtshals og Sandefjord og Strømstad på grunn av ekstremvêret Synne.

Avgangane mellom Kristiansand og Hirtshals laurdag morgon og føremiddag er avlyst.

Alle avgangane mellom Sandefjord og Strømstad fram til klokka 17
laurdag ettermiddag er også kansellerte.

Frykta store øydeleggingar

Fredag kveld sa NVE at dei frykta store øydeleggingar dersom uvêret slo til som varsla.

– Vi er i ein alvorleg situasjon. Dersom ekstremvêret slår til, slik det er meldt, kan vi få store øydeleggingar både på hus og infrastruktur, sa skred- og vassdragsdirektør Anne Britt Leifseth.

Polititet ba fredag folk om ikkje å oppsøke uvêret.

– Følg med på yr.no eller andre værvarslarar. Ikkje oppsøk uvêret, var oppfordringa frå politiets operasjonssentral på Sørlandet.

Direkte fra Sørlandet i forkant av det fryktede ekstremværet "Synne"

Sjå direkterapport frå Kristiansand seint fredag kveld.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %