– Eg er i lykkerus. Rett og slett. Dette er veldig stas, seier Mykjåland til NRK rett etter kampslutt.
– Dette var herleg. Dette var målet vårt. Vi har klart det og er utruleg nøgde, seier trenar Monica Knudsen.
Det var motstandar Trondheims-Ørn som kom beste i gang.
26 minutt ut i kampen stanga tidlagere Amazon Grimstad-spelar Lisa-Marie Utland inn 1-0 til trøndarane.
Men i andre omgang vart Mykjåland flytta lenger fram på bana. Det gav umiddelbart resultat, og Lillestrøm pressa Trondheims-Ørn bakover på bana.
Mykjåland utlikna
57 minutt ut i kampen var det nettopp Mykjåland som sette inn reduseringa. Berre to minutt seinare sette Mimmi Matilda Löfwenius inn 2-1 for Lillestrøm.
– Bytet trenar Monica Knudsen gjorde med Mykjåland og Madeleine Giske meiner eg er avgjerande for kampen. Då kom også Isabell Herlovsen meir til sin rett, sa NRK-kommentator Tom Nordlie.
14 minutt før full tid sende nemnde Herlovsen Lillestrøm opp til 3-1 og sikra Kongepokalen.
– Første omgang er ikkje bra. Skal vi vinne kampen må vi vere først i duellane. I andre omgang klarte vi å score tidleg og vi har nokre gode spelarar som har fart i beina og kan score nesten ut av ingenting. På ein dag vi ikkje var på topp var det utruleg gøy at vi klarte å snu dette, seier Lillestrøm-trenar Monica Knudsen.
– Heilt fantastisk
Då fløytesignalet gjekk kasta Lillestrøm-spelarane seg over kvarandre i vill jubelrus for sin andre tittel i 2014. Laget vann serien tidlegare i haust.
– Det var ein skikkeleg tøff kamp. Eg kjende i krampa på slutten. Vi visste at Trondheims-Ørn ville gje oss kamp. Heldigvis heva vi oss i andre omgang.
– Korleis var det å setje inn utlikninga?
– Det var heilt fantastisk. Eg kan ikkje hugse å ha scora eit så viktig mål før, seier Mykjåland.
Klubben frå Romerike har vunne både serie og cup denne sesongen. Mykjåland har spelt ei av hovudrollene gjennom heile sesongen.
Med endå eit cupgull er Mykjåland blant seks spelarar i norsk kvinnefotball som har blitt norsk dobbeltmeister med to klubbar.
27-åringen står med fem seriegull og fire cupgull så langt i karriera.