Hopp til innhold

Mykjåland jaktar sin åttande tittel

Lene Mykjåland frå Kristiansand står med fem seriegull og tre cupgull før laurdagens cupfinale mot Trondheims-Ørn.

Cupfinalen kvinner: LSK Kvinner - Trondheims-Ørn. Direkte fra Telenor Arena. Kommentatorer: Olav Traaen og Tom Nordlie.

Sjå cupfinalen direkte frå klokka 16.

Laster innhold, vennligst vent..

Tidlegare i haust var ho med på å sikre seriegullet med Lillestrøm i ein rein seriefinale mot rivalen Stabæk.

Lene Mykjåland

Lene Mykjåland kan ta sitt fjerde cupgull laurdag.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Laurdag ettermiddag kan ho på nytt løfte pokalen då Trondheims-Ørn er motstandar i cupfinalen i Bærum.

Kan komme på ekslusiv liste

Dersom det skulle bli ein ny tittel vil ho også komme på ei eksklusiv liste i norsk toppfotball for kvinner.

Mykjåland blir ein av seks spelarar som er blitt norsk dobbeltmeister med to klubbar, dersom det skulle bli eit nytt cupgull, skriv VG.

Tidlegare har Ingrid Hjelmseth, Trine Rønning og Elise Thorsnes vunne serie- og cupgull med to klubbar. Laurdag kan Lene Mykjåland, Emilie Haavi og Celine Pettersen komme med på lista.

Kan bli mestvinnande

– Eg bryr meg veldig lite om pokalar og medaljar. Det er minnene eg set mest pris på. Eg vil heller ha eit fint bilete, som seier meir enn ein medalje. Det er opplevinga der og då eg set veldig pris på, sa Mykjåland i eit intervju med NRK tidlegare i haust.

Sørlendingen er på god veg mot å bli den mestvinnande fotballspelaren på kvinnesida i Norge. Då må ho ta sju seriemeisterskap.

– Det har eg aldri tenkt på. Men det er faktisk noko å tenke på. Det hadde vore veldig kult, så det får eg gå for, sa Mykjåland.

Mykjåland starta karriera i Randesund der ho stort sett spelte på gutelag. I 2003 gjekk ho til Amazon Grimstad, før ferda gjekk vidare til Røa i 2006.

– Eitt år om gangen

Mykjåland har også prøvd seg som proff i utlandet i Washington Freedom. Ho var i USA i ein sesong før ho gjekk tilbake til Røa.

I fjor skreiv ho under for Lillestrøm. 27-åringen er usikker på kor lenge ho held på.

– Eg tek eitt år om gangen. Så lenge eg trivst og har det gøy held eg fram, seier ho.

Monica Knudsen frå Arendal er trenar i Lillestrøm.

Lene Mykjåland

Lene Mykjåland feirar seriegull saman med lagvenninne Sherida Spitse.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %