NRK Meny
Normal

Mykjåland berga Quartfestivalen

Ein av sørlandets rikaste menn berga Quartfestivalen med å spytte inn fem millionar kroner.

Quartfestivalen
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Dette berga årets festival. No i sluttfasen er betalingsevna naturlegvis svakare, og difor var dette livsnaudsynte kroner for Quart. Eg må berre takke og bukke, seier Arild Buli til Fædrelandsvennen.

50 mill. til artistbooking

Arild Buli

Arild Buli

Foto: Reidar Mosland / NRK

Quartfestivalen har eit budsjett på 102 millionar kroner, der kring 50 millionar brukast til artistbooking. Buli vedgår at det har vore tøft å starte opp ei konkursbedrift, og at likviditeten er slunken ein månad før festivalen tek til.

– Hadde vi ikkje fått på plass avtala, hadde eg prøvd å hente pengar på andre måtar. Men Mykjåland er ein dyktig forretningsmann som har fått til mykje, seier Buli.

– Vi bør bidra

Mykjåland vil ikkje seie kor mykje han har spytta inn, men ifølgje Fædrelandsvennen skal det dreie seg om kring fem millionar. Samstundes har han sikra seg moglegheit til å gå inn på eigarsida i Quartfestivalen i etterkant av årets arrangement.

– Vi driv med handel, og veit at der det samlast store mengde menneske, handlast det. Det betyr at vi tener store pengar på Quartfestivalen. Då bør vi bidra med vår del. Samstundes er vi importør av det meste, og kan dermed bidra på varesida, seier Mykjåland til avisa.

– Fråværande

– Kva tykkjer du om næringslivet sitt bidrag så langt?

– Det er jo omtrent fråværande. Eg tykkjer det er rart at bedriftene ikkje tek meir vare på festivalen. Næringslivet bør bidra når bransjen melkar godene av bedrifta, seier han.

Han er imponert over det Arild Buli har fått til.

– Det er heilt topp. Han legg hovudet på hoggestabben, og risikerer å brekke ryggen dersom det går gale. Eg håpar ikkje det skjer, seier Mykjåland.