NRK Meny
Normal

Myggen trenar med 2. divisjonsklubb

Tidlegare toppspelar Erik Myggen Mykland frå Risør har igjen knytt på seg fotballskoa. Men den tidlegare Start-helten kjem ikkje til å gjere comeback.

Erik Mykland

Erik Mykland trenar med 2. divisjonsklubben Fram Larvik. Bilete er frå ein kjendiskamp under Norway Cup på Ekebergsletta i sommar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Myggen dukka opp på trening hos 2. divisjonsklubben Fram Larvik denne veka, ifølgje Østlandsposten.

Men ifølgje Myggen sjølv er det ikkje aktuelt med eit comeback på fotballbana.

– Eg kjenner trenar Petter (Belsvik) godt frå før og er så lei av å vere i dårleg form, så eg ringde og spurte om eg ikkje kunne trene litt med dei, seier Myggen til avisa.

43-åringen «avslører» at han skal vere med på ei innandørsturnering i jula. Den tidlegare midtbanespelaren vedgår at det er tøft å henge med på treningane.

– Hovudet vil gjerne meir enn kroppen heng med på, så eg reknar med å bli runda ganske lett, seier han til avisa.

Fram Larvik-trenar Petter Belsvik seier at han håpar at Myggen kan rettleie dei unge spelarane i troppen.

I mai 2008 gjorde Erik Mykland comeback i Start-trøya. Over 11 000 tilskodarar gav den tidlegare landslagsspelaren ein massiv hyllest då han kom inn på bana.

Myggen gjør comeback

Her gjer Erik Mykland comeback for Start i 2008.