Hopp til innhold

Muradi vart hylla av krigsveteranar

Den afghanske tolken teken imot som ein helt av krigsveteranar på Kristiansand lufthavn Kjevik.

Den afghanske tolken teken imot som ein helt av krigsveteranar på Kristiansand lufthavn Kjevik.

Faizulla Muradi saman med veteranar på Kjevik. (Reporter: Hans Erik Weiby)

Faizulla Muradi på Kjevik

Krigsveteranar tek Faizullah Muradi i handa på Kristiansand lufthavn Kjevik.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Faizullah Muradi på Kjevik

Faizulla Muradi vedgår at det var sterkt å møte veteranane.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK
– Eg klarer ikkje å kontrollere kjenslene mine, seier Faizullah Muradi til NRK rett etter ankomsten på Kjevik.

– Dette viser at dei verkeleg kjempar for brørne sine i alle situasjonar, anten krig eller denne type problem, seier kamptolken.

Muradi seier han er glad for støtta han har fått, medan han har vore i Italia. Krigsveteranar sette mellom anna i gang ein innsamlingsaksjon for kamptolken.

– Eg set veldig pris på at veteranane og støttegruppa mi har støtta meg, seier han.

Krigsveteran Arnfinn Hægeland var ein av dei frammøtte.

– Eg vil vise sympati og vise at eg støttar han. Det er viktig å vise at vi bryr oss, seier han.

Han har sjølv vore i teneste på Balkan.

– Eg har sett kor viktig tolkane er i slike tenester. Det er heilt rettferdig at han er komme tilbake. Han er sjølv ein veteran og ein av oss. Veteranane tek vare på kvarandre, seier Hægeland.

Motteken med applaus

Leiar av Norges veteranforbund Oddbjørn Wiggen var også på plass på Kjevik.

– Det er veldig bra at han er komme til Norge. På same tid er eg også litt uroleg. Det er ikkje det same som at han får innvilga opphald, seier Wiggen til NRK.

Tidlegare torsdag vart Muradi motteken med applaus på Oslo lufthavn Gardermoen.

– Eg er heime igjen no, så det er heilt fantastisk, sa Muradi til NRK då han kom ut i ankomsthallen på Gardermoen.

Etter ankomsten på Kjevik sette han seg i bilen saman med kamerat og leiar for støttegruppa, Morten Ekeland, for å reise tilbake til Mandal.

– Eg veit ikkje kva som skjer no. Kanskje Morten har funne på noko, seier han.

– Er du sliten etter alt som har skjedd?

– Eg veit ikkje om eg er sliten, men eg er veldig glad, seier han.

Arnfinn Hægeland var ein av krigsveteranane som tok imot tolken Faizullah Muradi på Kjevik.

Arnfinn Hægeland var ein av veteranane som hadde møtt opp for å ta imot Faizulla Muradi. (Reporter: Hans Erik Weiby)

Tøff veke for Muradi

Det har vore ei turbulent veke for tolken som har jobba for norske styrker i Afghanistan. 27. mai vart han henta av politiet i Mandal og send ut av landet.

22-åringen vart send til Italia, som var det første europeiske landet han kom til, etter å ha flykta frå Taliban. Etter Dublin-avtala var det der han måtte søke om asyl.

Eit massivt trykk frå både krigsveteranar, støttegruppa hans og politikarar, gjorde at statsminister Erna Solberg sjølv ba om at asylsøknaden hans skulle vurderast på nytt. Kor tid seinare vart det klart at Muradi fekk lov til å reise til Norge som turist, medan asylsøknaden hans vert behandla.

Seint torsdag kveld blir tolken møtt av vener og støttegruppe i Mandal. Dei har laga til ein fest for 22-åringen.

– Det gler vi oss veldig til, og det er det mange som gjer. Dei er fulle av inntrykk, og vi er full av glede, så då er det naturleg å treffast, seier Torborg Brækholt, som er med i støttegruppa til Muradi.

Så Muardi komme til Gardermoen her:

Faizullah Muradi tilbake på norsk jord.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %