Hopp til innhold

Møtte verdas beste: – Det var knalltøft

Madelen Søfteland frå Grimstad satsar alt på kampsporten K-1. Men proffdebuten kom langt tidlegare enn planlagt.

Madelen Søfteland

Madelen Søfteland (t.v.) under innveging før kampen mot verdsmeister Marion Montanari.

Foto: Tonje Jakobsen

– Eg er veldig glad eg gjorde det. Det var ei fin oppleving. No veit eg kva eg går til neste gong, seier Søfteland til NRK.

25-åringen frå Sørlandet har drive med kickboksing i fleire år, men gjekk nyleg over til K-1, som kombinerer mellom anna tradisjonell boksing, karate og taekwondo.

Den største skilnaden er at K-1 går føre seg utan beskyttelsesutstyr, bortsett ifrå hanskar.

Satsar i Italia

Madelen Søfteland

Madelen Søfteland.

Foto: Tonje Jakobsen

Sørlendingen har nyleg flytta til Trieste i Italia der ho har skaffa seg ein trenar og skal satse på heiltid. Planen var å debutere som proff i K-1 til sommaren. Slik vart det ikkje.

Onsdag då ho var på trening kom førespurnaden om ho kunne tenke seg å delta i Fight Night One i Frankrike etter at ein av deltakarane hadde blitt utestengt.

To dagar seinare stod ho i ringen der ho møtte den franske verdsmeisteren Marion Montanari føre 2500 tilskodarar.

– Måtte hoppe i det

Ikkje uventa vart det tap mot den franske motstandaren.

– Eg måtte berre hoppe i det. Vanlegvis førebur ein seg i fleire månader til ein kamp og tek det roleg den siste veka for å samle overskot. No hadde eg hard trening heile veka i forkant. Eg vart kjempesliten. Det var ingen perfekt kamp, men eg er veldig stolt av prestasjonen, seier ho.

– Eg er framleis litt usikker på reglementet og var veldig nervøs for at eg skulle gjere feil. Men fy søren. Det var heilt vilt. Eg høyrde publikum inne frå garderoben. Det var heilt spesielt, seier ho.

Madelen Søfteland

Søfteland har drive med kickboksing i fleire år. No satsar ho på K-1.

Foto: Per A. Ringsby

Direktesendt i 70 land

Etter kampen fekk ho skryt både frå motstandar, arrangør og publikum.

– Eg fekk veldig mange gode tilbakemeldingar. Det er kjekt. Det hadde vore kjedeleg om eg hadde gått på ein knockout føre heile verda, ler Søfteland og viser til at konkurransen vart direktesendt på tv i meir enn 70 land.

– Korleis er kroppen etter ein slik kamp?

– Au. Eg har ein søt liten blåveis. Elles er eg sjølvsagt stiv og støl, men ikkje noko alvorlege greier, seier ho.

Gler seg til ny kamp

25-åringen frå Grimstad veit førebels ikkje når ho skal ut i ny kamp. Då møter ho truleg langt «enklare» motstand.

– Då blir det nok mot ein som har gått 10–15 proffkampar. Det blir nok ingen storkamp. Men det blir bra å få ei meir optimal opplading til neste kamp. Dette var uansett god læring, seier ho.

Søfteland har tidlegare teke fleire EM- og VM-medaljar i kickboksing.

Hennes fremste styrke er spark mot hodet. I neste uke starter EM i kickboksing, og en 25-åring fra Grimstad har som mål å komme hjem med gullet.

NRK møtte Madelen Søfteland før EM i kickboksing i 2014. Sørlendingen tok bronse i meisterskapen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %