– Ho har vist gang på gang at ho snik seg inn i hovudet på folk og gjer dei nervøse, seier Esbjerg-spelar Nora Mørk.
– Byrjar ho å redde kan det fort setje seg i hovudet. Ein byrjar å overtenke, seier Györ-spelar Linn Blohm.
Laurdag skal svenske Blohm møte Vipers og Lunde i semifinale i meisterligaen under «final4» i Budapest.
– Det er fint det, smiler Katrine Lunde då ho får høyre korleis motspelarane kan bli påverka av ho.
NERVØSITET: Esbjerg-spelar Nora Mørk seier at Katrine Lunde kan gjere motspelarar usikre og nervøse.
Foto: Sander Heggheim / NRKDifor blir motspelarane «skremde»
Då Vipers vann meisterligaen i fjor, var Lunde heilt sentral i finalen.
Keeperveteranen redda ballar og frustrerte Györ-angriparane.
– Berre at Katrine er på bana kan skremme livet av enkelte motspelarar. Autoriteten ho utstrålar gjer ofte at motspelarane har så stor respekt at dei vegrar seg for å skyte, seier NRKs handballekspert, Peder Langfeldt.
Langfeldt, med over 30 års erfaring frå topphandballen, meiner ingen andre målvakter er i nærleiken av å ha ein så stor mental påverknad på motstandarane, som Lunde.
– Dersom ein spelar bommar på første skot, ser du ofte på Katrine at ho får eit mentalt overtak. Ho gjer det på ein måte slik at spelaren oppdagar det, gjennom kroppsspråk og verbalt. Ho viser med kroppen at «her må det heilt noko anna til for å score på meg», seier Langfeldt.
Sjå korleis det kan opplevast å spele mot Katrine Lunde.
Ingen reddar meir enn Vipers
Vipers Kristiansand har høgst redningsprosent av alle lag i meisterligaen. 34,9 prosent.
Dei andre semifinalelaga Ferencvaros, Esbjerg og Györ ligg på mellom 30 og 33 prosent.
Katrine Lunde kan vinne sitt sjuande meisterligagull dersom Vipers vinn i helga.
Keeperveteranen smiler når ho får spørsmål om ho er klar over korleis ho påverkar motspelarar negativt.
– Det høyrest veldig ille ut når du seier det sånn, ler ho.
– Det har vore ein del av mitt «image» og korleis eg har ynskt å framstå på bana. Så har eg vel blitt snillare og snillare med åra, seier ho.
– Har du det?
– Ja, det har eg. Men det er viktig å ha rutine. Eg har vore med lenge og har hatt gode prestasjonar, så sjølvsagt blir folk påverka av det, seier Lunde.
GULL: Katrine Lunde har vunne meisterligaen seks gonger. Til helga kan ho gjere det igjen.
Foto: Sander Heggheim / NRKTrur dei har «Lunde-oppskrifta»
Sørlendingen vedgår at ho er nervøs før laurdagens semifinale mot Györ i MVM Dome, som er utselt. Det blir over 20.000 tilskodarar.
– Eg er spent. Veldig spent. Men det er godt det kriblar litt. Eg har vore mange gonger på toalettet allereie i dag, seier ho.
Men to av konkurrentane til Lunde meiner dei har oppskrifta på korleis dei kan unngå å bli psyka ut av keeperen.
– Dersom ein er førebudd på at det kan skje, trur eg ikkje ein skal bli psyka ut. Men det er ein mental kamp. Stolar ein på seg sjølv trur eg det skal gå fint, seier Esbjerg-spelar Henny Reistad.
– Det er viktig på treffe på det første skotet. Då trur eg dette skal gå bra. Så for oss blir det veldig viktig at første skotet går i mål, seier Györ-spelar Linn Blohm.
Laurdag blir det altså klart kven som møtest i finalen. Vipers møter Györ, medan Esbjerg møter Ferencvaros i den andre semifinalen.