Hopp til innhold

Nora Mørk nærmar seg EM-form: – Føler meg tryggare

Vipers Kristiansand toppar si gruppe i meisterligaen i handball etter sin tredje strake siger. Samstundes nærmar både Nora Mørk og Katrine Lunde seg gammal storform.

Bx

Vipers Kristiansand og Nora Mørk, her på benken i oppgjeret mot CSM Bucuresti, tok sin tredje strake siger i meisterligaen.

Foto: Tor Erik Schrøder

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg føler det byrjar å hjelpe. Så er det framleis ei lita stund til EM. Eg skal gjere alt eg kan for å bli tatt ut, seier 29-åringen etter meisterligasigeren mot Bucuresti laurdag kveld.

Ho noterte seg for fire mål då Vipers vann 30-25 på heimebane. Sigeren sende sørlendingane til topps i si gruppe.

Mørk kjenner at ho berre blir betre og betre, etter skademarerittet dei siste åra. Om knappe to månader håpar ho å vere med i landslagstroppen som skal spele EM i Trondheim.

– Det handlar mykje om kamptrening. Å kunne stå desse kampane og får nokre slike på kontoen. Det har det ikkje vore mykje av dei siste åra. Eg føler meg tryggare og torer å ta litt meir ansvar, seier ho.

– Klarer du å sleppe deg laus utan å vere redd for å bli skada igjen?

– Eg føler verkeleg det har sleppt dei siste vekene. Eg sleit mykje mentalt i oppkøyringa og var stressa og redd. No slepp det veldig. Det viser på spelet no kontra første seriekamp. Då var det mykje rart. Eg føler at eg er meir meg sjølv for kvar veke som går, seier Mørk.

Sjå intervju med Nora Mørk etter meisterligasigeren mot Bucuresti.

Optimistisk landslagssjef

Landslagssjef Thorir Hergeirrson var på tribuna då Mørk og Vipers slo Bucuresti. Han presiserer at det framleis er ein månad til EM-uttaket.

– Vi har god tid på det. Men Nora i form, så er det ein spelar som er med i ein kvar landslagstropp for kvar einaste nasjon, trur eg, seier landslagssjefen.

– Så er det utruleg godt å sjå Katrine Lunde tilbake i målet. Vi har sett ho på trening der ho har vore god. Vi ser konturane av gode gamle Katrine, seier han.

Lunde miste heile fjorårssesongen, etter at ho rauk korsbandet i bronsefinalen i meisterligaen i 2019. No er ho på veg tilbake for fullt saman med Mørk.

Før kamp var det mest fokus på at CSM Bucuresti kom til Kristiansand utan superstjerna Cristina Neagu. Ho hadde scora over 30 prosent av måla til rumenarane i meisterligaen før møtet med Vipers.

32-åringen testa positivt på koronaviruset før avreise til Kristiansand og fekk ikkje vere med.

Men den rumenske toppklubben gav likevel Vipers knalltøff kamp om poenga. Etter ein rufsete første omgang frå begge lag, var det Vipers som leia 14-12.

Henny Reistad, Vipers

Sjå direktesending med reaksjonar etter Vipers sin meisterligakamp mot CSM Bucuresti.

Solid Lunde

I andre omgang var det eit Vipers-lag med ein heilt annan intensitet og trøkk som kom på bana.

Katrine Lunde hadde ein redningsprosent på over 50 i andre omgang. Forsvaret var betre og angrepsspelet fungerte. Slik slikt blir det poeng av.

Hannah Yttereng, som erstatta ein skadd Heidi Løke på streken, scora fem mål og bidrog sterkt til ein ny triumf.

– Eg veit jo at Heidi får mykje ballar og er ein stor del av angrepsspelet vårt. Ein blir ekstra nervøs når ein skal gjere det ho skal gjere. Det er veldig deilig å lukkast, seier Yttereng.

Emilie Hegh Arntzen vart Vipers sin toppscorar med seks mål.

Med to nye poeng leiar Vipers Kristiansand si gruppe i meisterligaen.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %