Hopp til innhold

Moralske dilemma for misjonærar

Utanriksdepartementet frårår nordmenn å opphalde seg i Japan på grunn av den usikre situasjonen rundt atomkraftverka i landet. Misjonær Ingebjørg Mikalsen har budd i Japan i 50 år og veit ikkje kva ho skal gjere.

Video Japan tilstand

DILEMMA: Nordmenn vert råda til å forlate Japan. Mange misjonærar opplever sterke moralske dilemma og veit ikkje kva dei skal gjere. - Det er no vi må hjelpe, seier misjonær Ingebjørg Mikalsen.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg tykkjer det er veldig vanskeleg. Eg tykkjer det er vanskeleg å seie la oss stole på Gud og la oss reise, så kan japanarane gjere som dei vil. Det fell ikkje heilt på plass for meg, seier Mikalsen til NRK.no.

– Har ikkje tenkt tanken

Ho jobbar for Frikyrkja som misjonær i Osaka-området. NRK.no var i kontakt med henne rett etter jordskjelvet på fredag. Då var dei ikkje berørt av hendingane, men no får dei beskjed når Norge om at dei bør forlate Japan.

– Vi har ikkje tenkt på tanken å reise ut av landet når vi bur her saman med folk som vi er glade i og gjerne vil ta oss av, seier ho.

– Når det plutseleg skjer ein slik ting har vi moglegheit til å reise, men alle våre kjære må vere att. Det er veldig vanskeleg å døyve den tanken, seier ho.

JAPAN-QUAKE/

ØYDELEGGJINGAR: Tsunamien i Japan har ført til store øydeleggjingar. UD rår nordmenn å reise frå katastrofeområdet.

Foto: Toru Hanai / Reuters

– Ikke reis til Japan!

Tysdag kom meldinga frå utanriksdepartementet som frårår nordmenn å reise til eller å opphalde seg i Japan.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Rådet er basert på ein situasjon som ikkje er veldig oversiktleg. Det er utfordringar ved transport i delar av Japan, og vi frårår difor reiser som ikkje er strengt naudsynte. Vi tror det er klokt i den novêrande situasjonen, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Mikalsen og mannen har dei to siste dagane vore på reise til Sendai-området nord i landet for å hente vener, som no står utan trygg bustad. Trass i stor strålefare trur ikkje Mikalsen at ho berre kan reise frå alle.

Stolar på japanarane

– Er det ein situasjon vi treng å vere her, er det akkurat no. Vi kan kanskje hjelpe kvarandre. Det er mange eldre menneske i menigheten som ikkje kan komme seg ut. Treng vi ikkje å vere her for dei, spør ho.

Mikalsen seier ho lir med japanarane, og føler seg som ein av dei. No lyttar ho til informasjon frå japanske styresmakter, som seier det skal vere trygt lengre sør i landet.

– Vi stolar veldig på japanarane og vi håpar og ber det beste. Det er ikkje sikkert vi veit om heile situasjonen. Eg veit ikkje, seier ho.

Video Enorme øydeleggingar i Japan

VIDEO: Sjå video som viser dei store øydeleggjingane i Japan.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %