Hopp til innhold

Mor til Tina Jørgensen: – Utruleg skuffa

Torunn Austdal Rasmussen er skuffa over konklusjonen i rapporten på den mentale helsetilstanden til ein av dei sikta i Tina-saka.

Torunn Austdal Rasmussen

Torunn Austdal Rasmussen er mor til Tina Jørgensen som vart drepen i Stavanger i år 2000.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

– Eg er heilt klart utruleg skuffa, men veit ikkje kva eg skal tenke. Eg har blitt orientert om dette i ettermiddag. Eg har ikkje klart å fordøye resultatet endå, seier Rasmussen til NRK.

Ho er mor til Tina Jørgensen som vart drepen 24. september år 2000.

Forvrengt bilete

Rapport sladdet

Utdrag frå rapporten.

Foto: Anders Fehn / NRK

Spesialistar innan psykiatri har vurdert den mentale helsetilstanden til ein av dei sikta i Tina Jørgensen-saka.

Dei har konkludert med at 37-åringen frå Lyngdal har eit forvrengt bilete om at han og tre kameratar var delaktige i drapet på Tina Jørgensen.

Den 84 sider lange rapporten baserer seg hovudsakeleg på samtalar to rettspsykiatrar har hatt med 37-åringen.

Det er politiet som har bede om ei vurdering av hans mentale helsetilstand.

Falskt minne

I eitt av dei åtte punkta i konklusjonen står det følgjande:

«Vi antar, etter en analyse av hele sakskomplekset, at observanden har utviklet falske minner i forhold til de påklagede handlinger.»

– Falskt minne er noko nytt å ta omsyn til, og eg veit faktisk ikkje kva eg skal meine om dette. Eg har sjølvsagt ein del spørsmål, seier Austdal Rasmussen.

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup forsvarar 37-åringen.

Foto: NRK

– Eg kan dessverre ikkje seie noko meir no. Eg må få la dette falle inn, seier ho.

Ber politiet henlegge saka

Odd Rune Torstrup forsvarer den sikta mannen frå Lyngdal. Trass i at klienten har gitt detaljerte forklaringar i avhøyr, der han peikar ut den eller dei som står bak drapet, meiner advokaten at saka må henleggast.

– Det er ingen bevis som tilseier at forklaringane hans i avhøyr er riktige. Då gjer konklusjonen seg sjølv: nemleg at saka må henleggast, sa Torstrup til NRK måndag kveld.

Det har ikkje politiet nokon kommentar til.

– Vi har ingen kommentar til om saka nærmar seg ein eventuell henleggelse. Vi etterforskar saka, og eg vil gå gjennom alle bevis når saken er ferdig etterforska, seier politiadvokat i Rogaland politidistrikt, Herdis Traa.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %