NRK Meny
Normal

Mathilde Moland: – Tøft og uverkeleg

Mor til Tjostolv Moland, Mathilde Moland, fekk vite om sonen sin død medan ho var på eit kunstmuseum.

Mathilde Moland på vei til Kongo
Foto: Kim Nystøl / NRK

– Det er veldig tøft og uverkeleg. Og uventa, seier Moland til Tvedestrandsposten.

Tjostolv Moland vart funnen død i fengselscella i Kinshasa søndag morgon.

Venta på telefon

Mathilde Moland var saman med heile familien på eit arrangement på eit museum då ho fekk beskjeden om at sonen var død. Tjostolv pleidde å ringje heim kvar søndag. Difor sjekka ho jamnleg mobiltelefonen sin.

Telefonen kom aldri, og i staden kom presten i Vegårshei med beskjeden om at sonen var død.

– Ho samla oss på eit kontor på museet. Det var godt å vere alle fire saman med presten. Vi fekk prata godt, og alle fekk gitt uttrykk for det vonde på sin måte, fortel ho til Tvedestrandsposten.

Moland understrekar at ho heile tida har trudd at sonen skulle komme heim i live.

Mathilde Moland sammen med sin draptiltalte sønn Tjostolv i fengselsgården i

Mathilde Moland besøkte sonen i fengselet i Kongo fleire gonger, seinast i mai i år.

Foto: Troens Bevis / Scanpix

Kritiserte UD

Far til Tjostolv, Knut Moland, kom i går med krass kritikk av UD.

– Eg har åtvara UD i over fire år om at dette kan skjed via mail og brev og med personleg kontakt med utanriksministrane, sa Moland til NRK.

– Eg reagerer med sinne på det som no har skjedd mot styresmaktene som kunne ha fått gutane ut for årevis sidan, sa Knut Moland.

Joshua French

Advokat Hans Marius Graasvold ventar at UD vil gjere det dei kan for å få Joshua French heim til Norge.

Foto: Kristian Aanonsen / NRK

Måndag morgon sat familien og advokaten til Joshua French i møte med utanriksminister Espen Barth Eide. Der gav advokaten klart uttrykk for at dei ventar at French er heime snart.

– Vi ventar no at UD intensiverer arbeidet med å få French heim, og at også Espen Barth Eide sjølv engasjerer seg personleg, sa advokat Hans Marius Graasvold.

Dømde for drap

Tjostolv Moland kjem frå Vegårshei i Aust-Agder og vart 32 år gammal. Saman med kameraten Joshua vart han dømd for drap på ein mann dei hadde leigd inn som sjåfør.

Norge har lenge forsøkt å få dei to nordmennene utlevert frå Kongo. Det er over eitt år sidan norsk UD sende eit forslag til utleveringsavtale for dei to, men det har gått lenge utan svar frå kongolesiske styresmakter.

NRK oppdaterer artikkelen.