Hopp til innhold

Moland og French fekk prestebesøk

Sjømannsprest Terje Bjerkholt skal feire jul saman med dei to dødsdømde nordmennene i fengselet i Kisangani.

Joshua French og Tjostolv Moland utenfor rettslokalet i Kisangani.

BESØK: Joshua French (t.v) og Tjostolv Moland fekk besøk av ein prest i går.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

– Vi hadde ein hyggeleg prat, og dei sette tydeleg pris på at eg kom, seier Bjerkholt til NRK Sørlandet etter gårsdagens besøk.

Tidleg denne månaden vart det klart at Sjømannskyrkja sender ein prest ned til dei to i jula . Bjerkholt seier dei to ser ut til å trivast saman - og at dei verkar friske.

– Dei bur saman og det fungerer greit. Dei heldt på å lage middag då eg kom, og dei såg ut til å vere i grei form reint fysisk, seier sjømannspresten.

Presten rakk ikkje å snakke med dei to om saka, som er anka til høgsterett.

– Det som betyr noko er å vere saman med dei to dei dagane som for oss alle er vanskeleg å vere adskilt seg og sine. Så får vi sjå korleis vi gjer det julaftan og første juledag, seier Bjerkholt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %