NRK Meny
Normal

Heile bygda mobiliserer for Grand Prix-heltane

I eit ekstraordinært formannskapsmøte bestemte politikarane i Bykle at dei sponsar bussbillett på bygdefolk som vil sjå Fjellfolk i Grand Prix-finalen. Så langt har pågangen vore stor.

Jon Rolf Næss og Helga Jacobsen

Jon Rolf Næss er nøgd med at 40 personar har meldt seg på turen til Oslo Spektrum på to dagar. Til høgre ser du vokalist i Fjellfolk, Helga Jacobsen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK - NTB Scanpix

– Det har vore veldig god respons. Fjellfolk er veldig Bykle, folkemusikk med eit moderne tilsnitt. Dei gir oss identitet og stoltheit og det er flotte folk med i bandet, seier ordførar Jon Rolf Næss til NRK.no.

Fjellfolk tok ein andreplass under delfinalen i Florø i helga. Sangen «Ulvetuva» vart stemt fram til andreplass i konkurransen. Margareth Berger vann delfinalen med «I feed you ny love», medan Annsofi gjekk vidare med songen «I'm with you».

Fjellfolk – «Ulvetuva»

VIDEO: Sjå Fjellfolk sin opptreden i delfinalen i Melodi Grand Prix.

Kjem i bunad

Dermed er bandet klar for den nasjonale finalen i Grand Prix, som går i Oslo Spektrum 9. februar. Allereie dagen etter delfinalen samla formannskapet i kommunen seg til eit ekstraordinært møte. Her bestemte dei at innbyggjarane som vil til Oslo, får gratis bussbillett.

– Eg håpar at ein god del kjem i bunad, eller kofte. Vi lagar plakatar, så dette blir stor stemning, seier ordføraren.

Bygdefolket må sjølv betale for inngangsbillett og overnatting, men kommunen spanderer altså reisa inn til Oslo. Så langt har 40 personar meldt seg på.

Tettstaden Bykle har kring 200 innbyggjarar, medan kommunen totalt har i overkant av 900 innbyggjarar. No drøymer ordføraren om avansement til den internasjonale finalen i Sverige i mai.

– Eg tykkjer det er ein veldig fin melodi. Den har tilsnitta folkemusikk med moderne rytmar og bør nå langt tenkjer eg. Vi er klare til å reise til Sverige på den internasjonale finalen om vi går heile vegen. Det er det ingen tvil om, seier han.

Mobilen går varm

Sjølv anar ikkje Næss kor mange gonger han stemte under delfinalen. Under finalen trur han mobiltelefonane kjem til å gå varme i Bykle.

– Det blir brukt ein del teljarskritt. Folk er inderleg klar over kva som skal skje og dei veit korleis dei skal stemme. Folk er glad i å bruke telefonen i Bykle, så det trur eg skal gå bra, seier Næss.

Sjølv har han bunaden klar til turen til Oslo Spektrum.

– Skjorta er i ferd med å bli strøke og sølvet er pussa. Eg er veldig klar, seier ordføraren.

Får endeleg et stort crew

Trym Bjønnes i Fjellfolk tykkjer det er veldig gøy at så mange frå heimbygda vil ta turen til Oslo.

– Vi synest dette er fantastisk moro. Det er utruleg kjekt at bygda mobiliserer. Vi er stolte over bygda, at vi bor her og kva vi får til. At vi då får det støtta er veldig gøy, seier Bjønnes.

Han meiner mange tykkjer det er gøy at Fjellfolk kjem frå ein så liten plass, og ikkje har så mange profesjonelle fiksere med seg.

– Dei andre artistane har mange folk med seg, dei har managere og store team, medan vi berre er oss tre. Men når bygda no stiller så mannsterke, har vi fått oss eit skikkeleg entourage.

Bjønnes liker godt at mange har planar om å stille i full bunad.

– Vi får ekstra lyst til å gi alt i Spektrum. Sjølv om det heile er veldig stort, følast det trygt og godt når vi veit at det er så mange kjende i salen, seier Bjønnes.

Lørdag gikk gruppa Fjellfolk videre til den norske finalen i Melodi Grand Prix i Oslo Spektrum 9. februar. Vi møtte gruppa hjemme i Bykle - et godt stykke unna Grand Prix-sirkusets glitter og glamour.

VIDEO: NRK møtte Fjellfolk 'dagen derpå'.