Hopp til innhold

Mjelde: – Vi må vere smarte i vinter

Start-trenar Mons Ivar Mjelde er allereie i gang med å planlegge 2015-sesongen.

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde seier at Start skal satse på fleire lokale spelarar til neste sesong.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi må utan tvil forbetre oss både offensivt og defensivt. Vi må verkeleg vere gode i vinter for å ta steg, seier Mjelde til NRK.

Start avslutta eliteseriesesongen med 0-1 tap borte mot Vålerenga. Sørlendingane enda til slutt på 12. plass på tabellen med 35 poeng.

Unge fekk tillit

I sesongens siste kamp stilte Start med eit lag som hadde ein snittalder på 22 år. Tre unge spelarar fekk tillit frå Mjelde: Pål Vestly Heigre, Jon Hodnemyr og Lars Jørgen Salvesen.

– Det var ein kalkulert risiko vi tok. Vi hadde innpå to debutantar og ein som har spelt 20 minutt eliteserie tidlegare. Vi testa ut ein del ting. Å tape 0-1 for Vålerenga får vi leve med, seier Start-trenaren.

Det er allereie klart at fire Start-spelarar ikkje får fornya kontrakt med klubben. Både Glenn Andersen, Amin Nouri, Terje Reinertsen og Alexander Lind må finne seg nye klubbar.

Vil satse på lokale spelarar

– Ein del spelarar går ut og må erstattast. Vi må vere smarte på overgangsmarknaden, seier trenaren.

– Økonomien er utfordrande i Start, som i mange andre klubbar. Start må endre kurs. Samstundes gir det oss moglegheiter. Publikum ynskjer at vi skal satse ungt og lokalt. Det ønsket trur eg vi kjem til å innfri meir i 2015, seier Mjelde.

Trenaren vil ikkje kommentere om spelarar er på veg inn. Samstundes vedgår han at han må ha forsterkingar.

– Det går ikkje med berre ungt og lokalt. Vi må ha balanse i troppen, seier Mjelde.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %