Hopp til innhold

Mjelde trur ikkje på forsterkingar: – Dersom vi klarer å trylle er eg glad for det

Start-trenar Mons Ivar Mjelde vedgår at laget treng forsterking, men påpeikar igjen at klubben ikkje har pengar til å hente inn nye spelarar når overgangvindauget opnar i juli.

Mons Ivar Mjelde

Mons Ivar Mjelde understrekar at klubben ikkje har pengar til å forsterke stallen i sommar.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Vi har alltid ynskjer, men vi har ikkje pengar. Dersom vi klarer å trylle nokon gang, er eg glad for det, men det får vi no sjå på, seier Mjelde til NRK.

Laurdag gjekk Start på sitt sjette tap for sesongen då Sarpsborg 08 vart for sterke på bortebane. Østfoldingane vann kampen 2–1.

Tynt i forsvar

Babacar Sarr

Midtbanespelaren Babacar Sarr måtte inn i midtforsvaret mot Sarpsborg på grunn av skader og suspensjonar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

I midtforsvaret var både Jesper Mathisen og Bismark Acosta ute med skade og suspensjon. I tillegg var islendingen Gudmundur Kristjansson, som kan spele i midtforsvaret, ute med suspensjon.

Det gjorde at Mjelde måtte dra midtbanespelaren Babacar Sarr ned i forsvar.

– Det er ikkje ideelt når du har tre potensielle midtstopparar ute, men du må gjere det beste for laget. Det var ein uvant posisjon for Sarr, han er usikker i rolla, men gjer så godt han kan. Vi kan ikkje ta han på det, seier Mjelde.

Mjelde vil ikkje avsløre i kva posisjon han eventuelt ser etter forsterkingar.

– Det skal vi ta internt. Men eg trur alle lag ynskjer seg noko når resultata ikkje går heilt med ein, seier han.

– Må stole på dei vi har

– Men uansett kan du ikkje fylle så mange inn i ein ny stall. Det er dei som er her allereie som må gjere den grovaste jobben og det er dei vi må stole på, seier Mjelde.

– Det kan sjølvsagt vere positivt å få inn nokre nye element i ei gruppe. Det skal ofte lite til før trua blir sterkare, seier Start-trenaren.

Mjelde er uansett klar på kva som må betrast for å ta poeng i eliteserien.

– Vi må opp med intensiteten i det defensive. Vi må tore å spele fotball, by oss fram og ville ha ball. Det viser vi tidvis i andre omgang mot Sarpsborg, seier han.

Etter laurdagens tap ligg Start på 13. plass på tabellen, berre to poeng over kvalifisering og nedrykk.

I neste serierunde møter Start Aalesund på Sør Arena.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %