– Kampane mot Vålerenga er alltid kjekke. Vi ventar mykje folk på stadion og eg håpar vi kan få ein festkveld. Spelarane er klar, seier Mjelde til NRK.
Verken Start eller Vålerenga har tapt så langt i eliteserien. Vålerenga står med to sigrar og ein uavgjort. Start har vunne ein og spelt to kampar uavgjort.
– Tøff kamp
Tysdag slo Start Vigør 5-0 i cupen. Då scora stortalentet Kristoffer Ajer fire mål.
– Det blir ein tøff kamp. Vålerenga er eit godt lag, men vi er på heimebane og går sjølvsagt for tre poeng, seier Ajer.
I fjor vann ikkje Start mot Oslo-klubben. I Kristiansand vart det uavgjort 2-2, medan Start tapet 0-1 på Ullevaal i siste serierunde.
Den hurtige Vålerenga-spissen Deshorn Brown blir ei tøff nøtt for Start-forsvaret. Jamaicanaren scora begge måla til Vålerenga då dei slo Haugesund førre helg.
– Vi skal stoppe alle angriparar uansett kor hurtige dei er. Det blir ein artig kamp med to lag som har opna sesongen sterkt, seier Start-spelar Espen Hoff.
Wæhler friskmeld
Hoff må stå over oppgjeret for Start. Angriparen er suspendert etter «ballesparket» på Sandefjord-spelar Kevin Larsen i førre heimekamp.
Andreas Hollingen, som starta førre serierunde mot Mjøndalen, må stå over Vålerenga-kampen på grunn av skade.
Vålerenga-veteranen Kjetil Wæhler er friskmeld og med i VIF-troppen, som reiste til Kristiansand torsdag.
- Les også: Hoff angrer på «ballesparket»