Hopp til innhold

Politiet innhenta opplysningar om 15-åring på drapskvelden

Politiet tok konkrete etterforskingssteg mot 15-åringen allereie mandag kveld og tysdag morgon, berre timar etter drapa tenåringen seinare blei sikta for. Dette er det vi veit om dobbeltdrapa i Kristiansand.

Krimteknikere på stedet

FANN VÅPEN: Tysdag kveld skal tenåringen ha forklara kvar han kvitta seg med det han sjølv skildrar som drapsvåpen. Politiet meiner dei har funne ein kniv på staden.

Foto: Sander Heggheim / NRK

(Red.anm. tittelen i denne saka var tidlegare «Mistenkte 15-åringen berre timar etter drapa». Overskrifta var egna til å gi inntrykk av at dette var ein formell status politiet hadde gitt 15-åringen, noko politiet har avvist.)

Måndag ettermiddag klokka 15:30 går 14 år gamle Jakob Abdullahi Hassan på ein buss frå Kristiansand sentrum mot Lund. På bussen sit og ein 15 år gamal gut, ifølge videoopptak frå bussen som politiet har sikra seg.

Dei to tenåringane er elevar ved kvar sin ungdomsskule på andre sida av byen. Dei er ikkje vener, men ifølge politiet høyrer dei til same omgangskrets og dei kjenner til kvarandre gjennom fotballmiljøet.

Tenåringane går av bussen nær Wilds Minne skole.

Ved ballbingen utanfor skulen blir Hassan knivstukken. Han skal etter det NRK kjenner til ha fått svært omfattande skader, før han blir oppdaga og frakta til sjukehus.

Dronefoto Kristiansand

WILDS MINNES SKULE: Jakob Abdullahi Hassan (14) tok bussen frå Kristiansand sentrum nær kl. 15:30, og gjekk av 10–12 minutt seinare på Lund. Ved Wilds Minnes skule, eit langt stykke unna heimen hans, skal han ha blitt knivdrept på skulens område.

Foto: Per Arne Kvamsø / Dronekontoret

– Forsøkte å gripe inn

Tone Ilebekk (48) er ute og luftar hunden sin ved skulen, etter endt arbeidsdag i ein barnehage. Politiet trur ho forsøkte å stoppe knivdrapet, og fekk store skader sjølv.

– Eg kan ikkje kommentere opplysningar frå etterforskinga, anna enn å seie at det verkar som ho blei eit tilfeldig offer, seier bistandsadvokat til kvinnas familie, Tove Karlsen Westbye.

Dei blir oppdaga og frakta til sjukehus, men klokka 17.46 er kvinna erklært omkomen. Eit kvarter seinare får politiet melding om at også Hassan er død.

Tone Ilebekk og Jakob Abdullahi Hassan

DØDE: Tone Ilebekk (48) lét etter seg seg ein ektemann og to barn, ho jobba på ein barnehage. Jakob Abdullahi Hassan (14) hadde seks søsken.

Foto: Privat

Det er ingen vitne til sjølve drapet, men allereie same kveld byrjar politiet å sikre seg spor av 15-åringen. Etter det NRK kjenner til, blir det sett i gong etterforskningssteg mot han måndag kveld og tysdag morgon.

– Eg ville først ikkje tru det

Eit vitne seier at ho såg Hassan gå saman med ein annan gut, kort tid før drapet. Ho skildrar ein tenåring med nordisk utsjånad og sekk.

I mellomtida får vener og familie nyhenda, og skildrar det som eit sjokk. Ein ven av Hassan seier han fekk beskjeden tidleg tysdag morgon.

– Eg prøvde gå på skulen, men eg blei sendt heim fordi eg berre grein og ikkje greidde følge med i timane. Mamma kom og henta meg, før vi drog på butikken og kjøpte blomster og lys, seier Nicholas Chapman (15).

Nicholas Chapman (15) og moren

I SORG: Vener og skulekameratar av Jakob Hassan (14) la ned lys og blomster etter at drapet blei kjend.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

Avhøyret

15-åringen blir kalla inn til avhøyr som vitne på tysdag.

Svein Kjetil Stallemo

REAGERER: Forsvarar Stein Kjetil Stallemo meiner politiet burde ha avslutta avhøyret då dei sikta 15-åringen for drap, sjølv om han takka nei til advokat.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Ifølge VG merkar etterforskarane at guten har møtt opp i same klesplagg han hadde på seg på bussen dagen før, få timar før drapa.

– Rundt klokka 21 sikta vi guten for drapa og han tilstod ganske umiddelbart, sa sjefen for felles kriminaleining i Agder politidistrikt, Terje Kaddeberg Skaar.

Avhøyret skal ha vart i ein halvtime etter at han fekk andra status til drapssikta. Ein verge skal ha vore saman med 15-åringen då han blei fortalt om siktelsen, men ikkje under sjølve tilståinga. Ifølge politiet ønska guten sjølv å kome med ei forklaring.

– Tilståinga er eit resultat av ein svært omfattande etterforsking i løpet av dei første 30 timane etter drapa, seier Skaar.

Tilståinga frå eit barn skakar og gjer drapssaka endå meir tragisk, ifølge fleire i lokalsamfunnet.

Forsvarar: – Avhøyret skulle blitt stansa

Guten gir ei detaljert tilståing og fortel kvar drapsvåpenet skal ligge. Politiet finn ein kniv, som dei meiner kan vere drapsvåpenet. Fleire av klesplagga han går med blir undersøkt, og det blir konstatert at det er blodflekkar på dei.

Kripos jobber på Wilds Minne skole

SIKRA DNA: Politiet meiner dei har biologiske spor som kan knytte 15-åringen direkte til drapet. Sjølv om den sikta har tilstått, skal politiet etterforske for å kunne avklare skyld uavhengig av tilståinga.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ein advokat blir innkalla som forsvarar, men innan Stein Kjetil Stallemo er framme ved politihuset er avhøyret over. Kriminalsjef Kaddeberg Skaar seier guten og hans verje blei fortalt at dei har rett på ein forsvarar, men at dei takka nei.

– Politiet burde avslutta avhøyret og tilkalla ein forsvarar med ein gong, seier Stallemo, som vil be om at avhøyret ikkje kan bli brukt som bevis mot 15-åringen.

Guten hadde kuttskader på seg då han var i avhøyr, men politiet vil ikkje kommentere kva slags skader eller korleis han fekk dei.

Fengsling for lukka dører

Onsdag føremiddag går politiadvokat Bernt Olav Bryge og forsvarar Stallemo i tingretten, der Bryge ber om at 15-åringen blir varetektsfengsla i to veker.

Rettssalen blir lukka for pressen, men guten er ikkje sjølv i rettslokalet. Ifølge forsvararen er han ikkje i ein helsetilstand som gjer at han kan stille.

15-åringen blir varetektsfengsla, men sett i varetekt i ungdomsenheten i Bergen. Politiet har på dette tidspunktet framleis ikkje fått tatt avhøyr om kva motiv guten kan ha hatt.

Kaddeberg Skaar i display

FANN KNIV OG DNA: Politiet meiner dei har funne eit drapsvåpen og DNA som knytte den sikta tenåringen til drapet.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

Fann drapsvåpen og DNA

Etter fengslingsmøtet skal den no drapssikta tenåringen ha forklara politiet kvar han la kniven, som han sjølv seier var drapsvåpen. Same dag, onsdag, vart kniven funnen.

– Politiet har vore på staden og sikra ein kniv, som vil bli kriminalteknisk undersøkt i innan kort tid, seier Kaddeberg Skaar.

– Den blei funne relativt langt frå åstaden, og etter sikta si forklaring, seier Skaar.

Dei meiner og dei har DNA-bevis som knyter 15-åringen direkte til drapet. Kartlegging av mobildata syner og at guten skal ha vore ved Lund på drapstidspunktet, og at mobiltelefonen truleg blei skrudd av kort tid etterpå.

– Vi meiner no å ha ei oppfatning om kvifor guten drepte, seier Skaar i ein pressekonferanse torsdag, men han ville ikkje utdype det.

Folkehelseinstituttet gjer obduksjonar i Oslo, og vil innan kort tid kome med ein førebels rapport om dødsårsak og omfanget av skadane.

Politiet i Kristiansand har nå funnet drapsvåpenet som ble brukt i dobbeltdrapet på mandag. Politiet opplyser også at de har sikret dna-bevis som knytter den siktede 15-åringen til drapene.

DNA-bevis knytter den siktede til dobbeltdrapet meldte politiet på dagens pressekonferanse

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %