Mistenkt for promille etter ulykke
Ein mann (26) er mistenkt for promillekøyring etter ei ulykke på fylkesveg 411 ved Laget i Tvedestrand. Mannen køyrde av vegen. Førarkortet er beslaglagt og han måtte avgje blodprøve. Mannen vart ikkje skada i ulykka.