– Eg har aldri opplevd liknande. Det seier sekretær for klagenemnda ved Universitetet i Agder, Ragnhild Skomedal.
Nemda behandlar saker der det er mistanke om fusk.
Det føreligg nå 37 slike saker som skal behandlast i august. Truleg er det ei mangedobling fra et normalår.
Det er også mørketal, ifølgje Skomedal.
– Det gjeld alt frå plagiat til samarbeid. Alle oppgåvene blir kontrollert av sensorane.
Skomedal seier at det førebels berre er mistanke om fusk.
Auken kan òg komme av betre rutinar og meir fokus på problemet, meiner ho.
Ragnhild Skomedal, sekretær for klagenemnda Universitetet i Agder har aldri opplevd så mange saker knytte til eksamensjuks, som under korona.
Foto: UIAFekk tilbod om å vere med på fusk
Ingrid Marie Skaug Lindqvist frå Tønsberg har hatt fleire eksamenar heime i byggfag.
Ho er ikkje overraska over at det fuskes.
– Vi hadde 24-timars-eksamenar. Då har studentar god tid til å snakke sammen og samanlikne oppgåver. Det er vanskeleg å rekke dersom eksamenstida er kortare, seier ho.
Ho veit om fleire som har samarbeida. Ho fekk sjølv tilbod om å vere med på dette.
– Det var ikkje aktuelt for min del. Eg synest denne ordninga i for stor grad legg til rette for juks.
Skaug Lindqvist meiner elles at de digitale eksamenane blei gjort for store og vanskelege.
Student Ingrid Marie Skaug Lindqvist fekk sjølv tilbod om å vere med på fusk.
Foto: Privat– Vanskeleg å kontrollere
Økonomistudent Kristoffer Svendsen frå Kristiansand trur mange har samarbeidd.
– Det er ikkje overraskande at dette skjer. Det må vere veldig vanskeleg å avdekka alle tilfella, seier han.
Svendsen meiner digital eksamen krev mindre førebuing. Han synest ikkje det er nokon ideell måte å teste kunnskapane på.
Ikkje overraskande at fleire fuskar med digital eksamen, meiner økonomistudent Kristoffer Svendsen.
Foto: PrivatKan komme fleire saker
Også Universitetet i Tromsø (UiT) opplever meir fusk enn vanleg i år.
I fjor på same tid hadde dei 8 saker. I år er talet 17.
Universitetet opplyser at det kan komme fleire saker. Dette fordi studentar har fått utsett innlevering på grunn av korona.
Også ved NTNU i Trondheim er det mistanke om fleire tilfelle enn normalt.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har opplevd noko meir fusk enn vanleg, skriv nettstaden Khrono.
– Vi trur dette heng saman med at fleire oppgåver enn tidlegare er sende til kontroll, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik.
Universitetet i Oslo (UiO) vil ikkje uttale seg om mistankar om fusk enno.
Karakteren blir halden tilbake
Benedicte Nordlie, leiar for Studentorganisasjonen i Agder, synest det er bra at systemet fangar opp juks.
Leiar for Studentorganisasjonen i Agder, Benedicte Nordlie er uroa for rettssikkerheita til studentane
Foto: STASamtidig er ho uroa for studentane som blir mistenkte.
– I slike tilfelle blir karakteren halden tilbake. I verste fall får man ikkje avgjort saka før til hausten. Det kan gå utover søknader til andre studiar, seier Nordlie.
Ho meiner likevel at digital eksamen under korona var eit betre alternativ enn å utsetje eksamen til hausten.
- LES:
– Eksamenen i framtida
Ved Universitetet i Bergen (UiB) er det hittil ikkje noko som tyder på unormalt mange tilfelle av fusk.
Studiestaden har lagt om oppgåvene frå vekt på rein kunnskap til meir fokus på drøfting og vurdering.
Det opplyser Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB.
– Dette kan ha gjort det vanskelegare å fuske. Det er samtidig ei meir framtidsretta form på eksamen i mange fag, seier Samdal.
Viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal meiner eksamen med meir vekt på analyse og drøfting enn reine kunnskap kan ha hindra fusk.
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK