NRK Meny
Normal

Mistenker ruskøyring etter ulykke

Politiet mistenker at ein 18 år gammal bilførar var rusa då han køyrde av vegen i Arendal.

ulykke

Bilen landa på taket etter ulykka i Arendal.

Foto: Inger-Lise Hansen / NRK

Ulykke i Arendal

Vegen vart stengd ein liten periode etter ulykka.

Foto: Inger-Lise Hansen

Ulykka skjedde på fylkesveg 410 i retning Eydehavn i Arendal.

Bilen landa på taket etter å ha køyrt av vegen.

Både 18-åringen og ein 16 år gammal passasjer er sende til sjukehuset for sjekk etter ulykka.

– Vi har beslaglagt førarkortet til føraren og det vil bli teke blodprøve av han på grunn av mistanke om promillekøyring, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Martin Ugland.

Ifølgje politiet skal bilen ha fått skrens i ein sving og deretter ha komme over i motsett køyrebane før den landa på taket.

Ulykke

To personar er sende til sjukehus etter ulykka. Dei skal ikkje vere alvorleg skadde.

Foto: Inger Lise Hansen / NRK