Hopp til innhold

Mista nattesøvnen etter tapet mot Vipers

Larvik-spelarane var irritert på seg sjølve etter at dei tapte den eine semifinalen mot Vipers Kristiansand i sluttspelet. – Vi tenkte på Meisterligaen, seier spelarane.

 Larviks Marit Malm Frafjord (t.v) og Vipers Jessy Kramer

Larvik slo hardt tilbake etter tapet mot Vipers i Kristiansand. I returkampen vann dei 31–18.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Akkurat no gler eg meg til å sove i natt. Eg har hatt adrenalin heilt sidan den første kampen mot Vipers vart blåse av, seier Anja Hammerseng-Edin til NRK etter å ha slått Vipers på heimebane og sikra finaleplass i sluttspelet.

Susann Iren Hall

Susann Iren Hall og Vipers yppa seg mot Larvik i semifinalen i sluttspelet.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Det var heilt forferdeleg søndag. Vi var så sure og flaue. Det var pinleg, seier Larvik-keeper Sandra Toft.

Slo Larvik mot alle odds

Søndag sjokkerte Vipers Kristiansand med å slå Larvik heime i Aquarama i den første av to semifinalar. Dette var vestfoldingane sitt første tap på eitt år.

– Det var den lengste bussturen eg har vore med på nokosinne. Det vart ikkje sagt eit ord, seier ho.

I returkampen i Larvik tysdag kveld vart det eit heilt anna Larvik-lag som gjekk på bana. I første omgang styrte dei absolutt alt og viste at dei er eit langt betre lag enn Vipers.

No vedgår dei at tankane var ein annan stad under kampen i Kristiansand søndag. Nemleg i Budapest der dei møter russiske Dinamo-Sinara i semifinalen i Meisterligaen laurdag.

– Det trur eg og det er naturleg. Eg gler meg noko heilt vilt til søndag, seier Toft.

– Det kan nok vere at semifinalen i Meisterligaen låg litt i bakhovudet. Men samstundes veit vi at vi må vere klare til kamp i den norske serien også, seier Marit Malm Frafjord.

Vipers slo Larvik

VIDEO: Vipers-spelarane jubla vilt i garderoben etter at dei slo Larvik søndag.

Skryt av Vipers

Larvik-trenar Ole Gustav Gjekstad merka at spelarane hadde semifinalen i den gjævaste europacupen i tankane i Kristiansand.

– Slik skal det vere også. Det er såpass viktig for oss at det må ligge litt der i forhold til disponering, trening og fysisk oppkøyring. Vi gambla litt der, men det gjekk heldigvis bra, seier Gjekstad

– Men vi har ingenting å skulde på for det tapet. Det var berre ikkje godt nok av oss. Så må vi også hugse på at Vipers var gode i den kampen, seier han.

Keeper Sandra Toft gjekk av bana mot Vipers med ein lyskeskade, men er fast bestemt på å rekke semifinalen laurdag.

– Om eg så hadde knekt foten hadde eg spelt laurdag. Eg gler meg heilt vilt. Det er min første sesong i Meisterligaen og så skal eg spele semifinale. Eg gler meg sånn, seier ho.

Sandra Toft

Sandra Toft måtte gå av bana med ein lyskeskade mot Vipers tysdag, men seier ho er klar til semifinalen i Meisterligaen laurdag.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %