Hopp til innhold

Mista hjul i politijakt

Ein mann (48) er pågripen av politiet etter ei biljakt i Arendal. Biljakta enda ved utkøyrsla til E18 på Nedenes då han mista eitt hjul.

Biljakt på E18

Det vart bom stopp ved utkøyringa til E18 på Nedenes.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

Mannen nekta å stoppe i ein politikontroll på fylkesveg 420. Dette gjorde at politiet la seg på hjul etter han.

Men mannen kom ikkje langt før det vart stopp.

48-åringen var i ferd med å svinge ut på E18 då det eine framhjulet datt av bilen.

– Mannen vert no sett i arresten mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Miriam Stausland til NRK.

Hjulet som datt av bilen trilla godt over 100 meter før det stoppa, men ingen skal ha blitt treft.

Mannen er ein kjenning av politiet.