Hopp til innhold

Mista ein av to kundar då flyktningane kom

Bonjour Café i Kristiansand har mista 50 prosent av dei norske kundane på ei veke. Grunnen er at dei har byrja å servere måltid til nyankomne asylantar.

Bonjour Cafe innehaver

Araceli Moustaide forteller at antallet norske gjester har falt drastisk etter at restauranten begynte å ta imot flyktninger. Hun tror frykter skremmer bort gjestene.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Dagleg leiar Araceli Moustaide er overraska.

– Eg kunne forvente at det kunne påverke det på nokre måtar. Men etter to dagar har vi sett at det har kome færre og færre folk. Vi byrjar å bli veldig uroa.

Bonjour Cafe Kristiansand bygget

Bonjour Cafe ligger like ved jernbanestasjonen i Kristiansand.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Forstår skepsis

Ho forstår at folk kan bli skeptiske, men hadde ikkje forventa eit så stort fall i talet på besøkande.

– Når det kjem nye folk til ein liten by som Kristiansand, er det kanskje normalt å bli litt skeptisk for dei som kjem. Vi merkar oss at det er over 50 prosent mindre omsetning per dag etter at det kom fram i media at dei kjem hit for å ete.

God kapasitet

Restauranten har kapasitet til mange gjestar, så det er heller ikkje plassen det står på.

– Vi har 88 gjestar som kjem frå hotell. Dei delar vi i fire grupper, der dei kjem i puljer på 22 stykk per gong. Så det er ingen problem med plass, for vi har ein kapasitet for over 60 gjestar.

Moustaide trur rett og slett kristiansandarane er litt redde. Men det har dei ingen grunn til, ifølgje henne.

– Det er ikkje noko bråk her, faktisk er det veldig roleg.

– Som å gå på ein restaurant i utlandet

NRK spurde to nordmenn som var på restauranten om kva dei tenkte om det sviktande talet på gjestar etter at restauranten starta å servere mat til asylsøkjarar.

– Det kan eg forstå. Eg trur folk kan bli litt redde, ikkje nødvendigvis for framande, men eg trur ein er litt konservativ når det gjeld nye folk.

– Vi var ein gjeng her før som syntest det var ordentleg triveleg.

– Er det triveleg no?

– Ja, det går på eit vis.

Dei meiner også at atmosfæren på restauranten har endra seg.

– Det er klart at du ikkje kan legitimere det same miljøet som var her tidlegare. Dette blir på ein måte som å gå på ein restaurant i utlandet der ein går med eit heilt anna folkeslag rundt seg. Men då går ein jo inn i det. Her har det kome inn til oss, og du kan seie at det påverkar. Men det går føre seg i rolege, fine former, så ikkje noko negativt om det.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %