NRK Meny
Normal

Misjonær trossar UD-råd

Den norske misjonæren Ingebjørg Mikalesen vil ikkje reise frå Japan, sjølv om UD frårår reiser eller opphald i Japan som følgje av den uavklarte situasjonen rundt kjernekraftverka i landet.

Ingebjørg Mikalesen

BLIR I JAPAN: Ingebjørg Mikalesen blir i Japan trass i at UD frårår nordmenn i å bli i Japan.

Foto: Reuters / Jesus to Japan

Måler radioaktiv stråling på evakuerte

STRÅLING: Japanere blir mål for radioaktiv stråling.

Foto: Wally Santana / Ap

Sjekkes for stråling i Japan

STRÅLING: Ein japanar vert sjekka for stråling. Situasjonen er dramatisk kring kjernekraftverket i Fukushima.

Foto: STR / Reuters
– Vi har snakka med leiarane våre om det. Vi forstår situasjonen, men har bestemt oss for å bli. Vi føler ikkje at vi kan reise herifrå no, seier Mikalesen til NRK.no.

– Vi er kristne og trur på Gud. Om vi lever eller døyr høyrer vi herren til, rett og slett, seier ho.

Trøstar japanarane

I tillegg til UD gjekk også Det norske misjonsselskap og Den evangelisk lutherske frikirke opp og kalla heim sine misjonærar i går.

– Rådet er basert på ein situasjon som ikkje er veldig oversiktleg. Det er utfordringar ved transport i delar av Japan, og vi frårår difor reiser som ikkje er strengt naudsynte. Vi tror det er klokt i den novêrande situasjonen, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre.

– Vi opplever stadig vekk at det kjem folk inn i menigheten vår, som er usikre, som ikkje har familie. Dei kjem her, får ein klem, grin litt og får roa seg ned. Det er vår jobb no, seier ho.

Evakuert igjen

Dei siste meldingane får Japan går på at arbeidarar på nytt er evakuert ved eit kjernekraftverk.

Dei høgste radioaktive verdiane er mål i området sidan utsleppet. Mikaelsen er ikkje redd for radioaktiv stråling.

– Ikkje det minste redd. Vi har vener som bur mykje nærare atomkraftverket. Vi bur 600 kilometer unna. Det er langt, men det kan sjølvsagt gå veldig raskt. Det kan utvikle seg, men vi er ikkje engstelege i det heile, seier ho.

Mikalesen har no signert ein e-post, der det går fram at ho blir i landet på eige ansvar.

Henta ut familie

Tidlegare denne veka var Mikaelsen med til Sendai-området for å hjelpe vener.

– Vi brukte 14 timar kvar veg. Vi måtte ha ekstra besin med oss og hadde med oss maten vi trengde, seier ho.

– Vi var også inne i eit av evakueringssentra der folk låg spreidd og var veldig urolege. Mange hadde mista vener og familie, eller visste ikkje kvar dei var. Vi hjalp ein familie i tryggleik. Det er vi glade for at vi klarte å fullføre, seier misjonæren.