Minst 62 nordmenn i utanlandske fengsel

Norske styresmakter er kjent med 62 saker der norske statsborgarar sit fengsla i utlandet. Fem er kvinner, viser ein oversikt VG har fått frå Utanriksdepartementet (UD).

Rita Grimestad dømt til ti år i fengsel i Ecuador

Rita Grimestad sit fengsla i Ecuador. Ho er dømd for forsøk på narkotikasmugling.

Foto: Maren Kateraas

15 personar er dømt for narkotikalovbrot, sju personar er dømt for drap, medan ein mann er fengsla for terrorisme i Etiopia. Han har ikkje fått nokon dom.

Sju av dei 62 sit fengsla i USA, den lengste dommen er på 80 års fengsel. Ein nordmann vart 2008 dømt til fengsel for seksuelt overgrep mot si eiga dotter. Sju sit også fengsla i Brasil, seks i Spania og fem i Thailand.

Snart fem år i Kongo

To personar er ifølgje UD-lista dødsdømt. Den eine er Joshua French, den andre er ein norskpakistanar fengsla for barnedrap i Pakistan.

Joshua French

Joshua French har site fengsla i Kongo i snart fem år.

Foto: John Bompengo / NTB scanpix

French har site fengsla i Kongo i snart fem år. Han sat i fengsel saman med Tjostolv Moland frå Vegårshei fram til han døydde i fengselet i august 2013.

French vart seinare dømd for overlagt drap på kameraten.

Rita Grimestad (51) frå Lindesnes sit fengsla i Ecuador. I oktober i fjor vart ho dømd til ti års fengsel for forsøk på narkotikasmugling.

Hun og familien valgte å stå frem offentlig med navn og bilde etter dommen.

– Store forventningar til bistand

Lista frå UD inneheld berre personar norske styresmakter kjenner til. Det er sjølv opp til norske statsborgarar å melde frå til styresmaktene, så det kan vere mørketal.

Pressetalsperson Veslemøy Lothe Salvesen i UD fortel at mange fengsla nordmenn i utlandet og deira pårørande forventar at utanrikstenesta skal sørgje for betre soningsforhold eller medisinsk oppfølging.

– Det er ofte svært store forventningar til kva utanrikstenesta kan gi av konsulær bistand når norske borgarar blir fengsla i utlandet. Ofte er det ikkje samsvar mellom desse forventningane og kva vi faktisk har moglegheit til å gjere, seier ho til VG.