Hopp til innhold

Mindre partistøtte går utover valkampen

Partiet Demokratene misser halvparten av partistøtta i år. Det får konsekvensar for valkampen til hausten.

Demokratene

Demokratene får mindre partistøtte i 2015 på grunn av økonomisk rot.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Torsdag vart det klart at Demokratene misser halvparten av den statlege partistøtta. Det betyr nesten 100 000 kroner mindre i statleg støtte.

Årsaka er rot med rekneskapet i 2013. Partiet sin revisor valde å trekkje seg på grunn av rotet. Demokratene braut dermed lova då dei ikkje hadde ein offentleg godkjend revisor.

Dårlegare marknadsføring

Terje Svendsen

Terje Svendsen er leiar i Demokratene.

– Dette begrensar våre moglegheiter til å kjøpe marknadsføringsmateriell som brosjyrer, klede og slike ting til valet, seier leiar i Demokratene Norge, Terje Svendsen til NRK.

Det er partiet sentralt som går glipp av 100 000 kroner. Ifølgje partileiaren har lokallaga rundt om i Norge økonomi til å drive valkamp.

– Dei har eigne midlar som dei skal bruke i valkampen. Sentralt er vi litt lamma som følgje av dette. Det er klart det svir, men det skal ikkje gå utover valresultatet, seier han.

Partilovnemnda skriv i sin rapport at avkortinga i partistøtta er venta å få «merkbare konsekvensar» for partiet.

– Etter namnda si oppfatning er avkortinga likevel ikkje uforholdsmessig. Av allmennpreventive årsaker er det behov for ein særs merkbar reaksjon, skriv nemnda.

Ser fram til valkampen

Ifølgje Svendsen er medlemmane i partiet motivert til å drive valkamp.

– Eg har merka meg at medlemmer som ikkje har vore så aktive set veldig pris på innsatsen som vert gjort for å rydde opp. Mange er veldig gira inn mot valkampen, fortel han.

– Vi skal stå på veldig slik at vi får eit betre valresultat enn nokon gang, seier han.

NRK har vore i kontakt med tidlegare partileiar i Demokratene, Vidar Kleppe. Han er no bystyremedlem i Kristiansand. Han vil ikkje kommentere saka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %