NRK Meny
Normal

Mildare straff for drapsforsøk med hammar

Ein 39 år gammal mann fekk mildare straff i lagmannsretten enn i tingretten etter drapsforsøk mot ekskona.

Hus åsted

Valdsepisoden fann stad i Marnardal i juli i fjor.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

I tingretten vart han dømd til seks års fengsel, men Agder lagmannsrett har no dømt mannen til fem og eit halvt års fengsel etter drapsforsøket i slutten av juli i fjor. Mannen var tiltalt for forsettleg drapsforsøk.

Det var den 28. juli i fjor at episoden fann stad. Mannen hadde drukke alkohol og hadde slått den fraseparerte kona si med ein hammar.

Kvinna vart send med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus med omfattande hovudskadar.

Slått i bakhovudet

39-åringen hadde henta ekskona på togstasjonen og køyrt heim til huset i Øyslebø der kvinna budde med dei to barna deira. Ekskona hadde med ei flaske sprit til han som han byrja å drikke av.

Han skal etter kvart ha blitt rusa og forklarte at han sakna henne og at han ikkje klarte å leve utan henne og barna. Han sa også at han ville ta sitt eige liv på grunn av den vanskelege familiesituasjonen.

Etter kvart sprang kvinna ut av huset og tok med seg nøklane til mannen.

Mannen skal ha sprunge etter med ein kniv og ein hammar. Kvinna skal etter kvart ha falle på eit jorde like ved huset. Her skal mannen ha slått kvinna med hammar i bakhovudet fleire gonger.

Erkjente slag – fekk frådrag

Hyl og skrik frå kvinna vart oppdaga av naboar, som varsla politi og ambulanse.

Mannen innrømte ikkje straffeskuld då saka kom opp i Agder lagmannsrett. Han har innrømt at han slo kvinna med hammaren, men at han ikkje meinte å drepe ho.

Lagmannsretten kom til at mannen burde få frådrag i fengselsstraffa sidan han erkjente å ha slått ekskona med hammar.

Mannen er også dømd til å betale 300 000 kroner i erstatning til kvinna.

Huset i Marnardal

Kvinnen ble funnet kritisk skadet i et boligfelt i Marnardal.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK Sørlandet