NRK Meny
Normal

Midtstoppar redda Start i overtidsdrama

Start tapte ikkje ein einaste kamp i oppkøyringa, og var storfavorittar mot Fredrikstad i serieopninga. Der var laget sekund unna tap.

Start - Fredrikstad

Her scorar Tapio Heikkilä sitt andre mål for dagen og sikrar eitt poeng i serieopninga.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Vi er ikkje nøgde med å tape. Vi skulle absolutt hatt med oss tre poeng. Det kan vere litt høgre skuldrer. Det var ikkje like lett å finne folk som det har vore tidlegare. Vi slepp oss ikkje heilt lause, seier Start-kaptein Simon Larsen til NRK.

– Vi får med oss poeng og det er vi nøgde med. Men vi burde ha vunne. Vi må ha meir kvalitet i det vi gjer. Meir tempo, presisjon, bevegelse og meir trykk framover, så skal vi skape fleire sjansar, seier trenar Steinar Pedersen.

Intervju med Tapio Heikkilä etter første serierunde mot Fredrikstad.

Sjå intervju med Start-spelar Tapio Heikkilä etter 2-2-kampen mot Fredrikstad. Finnen scora begge måla til Start.

To scoringar på rappen

Etter ei rotete opning på kampen var det Start som først fekk hol på byllen.

Midtstoppar Tapio Heikkilä stonga ballen i mål etter ei nydeleg innlegg får Espen Børufsen.

Men laget frå plankebyen svarte umiddelbart.

Rino Falk Larsen drog seg inn i 16-meteren og plasserte ballen nede til venstre for Start-keeper Håkon Opdal, og utlikna til 1–1 på Sør Arena.

Pedersen vedgår at det var nervar dei første minutta.

– Dette er serieopninga. Det er litt ta og føle på i starten. Men vi kjem til å skape meir etter kvart, seier Pedersen.

Start-kaptein Simon Larsen etter serieopninga mot Fredrikstad.

Sjå intervju med Start-kaptein Simon Larsen.

Store sjansar mot slutten

Ti minutt før slutt var Ulrik Flo millimeter frå å sikre Fredrikstad-siger. Spissen drog til med brassespark frå 16 meter, som gjekk i stolpen.

Eit minutt seinare var Flo farleg frampå igjen. Stryningen var heilt umarkert inne i feltet då Kristian Brix la inn frå venstre.

Men Flo fekk ikkje nok kraft på headinga, og keeper Håkon Opdal hadde små problem med å avverje situasjonen.

Åtte minutt før slutt var Lasse Sigurdsen nær scoring for Start. Etter rot i Fredrikstad-forsvaret fekk Sigurdsen tak i ballen, men avslutninga gjekk over mål.

Overtidsscoring

Start - Fredrikstad

Fredrikstad-spelarane jublar for 2–1 scoringa på Sør Arena.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Tobias Christensen

Tobias Christensen (16) fekk tillit frå start mot Fredrikstad.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Seks minutt før slutt fall avgjerda i serieopninga på Sør Arena. Moustapha Ndiaye vart spelt fri på venstrekanten.

Senegalesaren fekk lagt inn, og ballen landa etter kvart i beina på Dinko Trebotić, som scora sitt første seriemål for Fredrikstad.

Det såg ut til å gå mot Fredrikstad-siger. Men fire minutt på overtid dukka Tapio Heikkilä opp igjen. Midtstopparen sikra 2–2 etter at Fredrikstad-forsvaret aldri klarte å rydde ballen unna.

– Fredrikstad ligg lågt og satsar på kontringar. Men det må vi vente når vi er favorittar. I dag var vi ikkje gode nok. Vi må berre bli betre, seier Larsen.

16 år gamle Tobias Christensen fekk sin første seriekamp for Start mot Fredrikstad. Midtbanespelaren fekk tillit frå start av trenar Steinar Pedersen, men vart bytt ut 20 minutt før slutt.

Intervju med Start-trenar Steinar Pedersen etter serieopninga mot Fredrikstad.

Sjå intervju med Start-trenar Steinar Pedersen.