Hopp til innhold

Michaelsen blir Frp si førstekvinne

Åse Michaelsen er valt til toppkandidat for Vest-Agder Frp ved stortingsvalet.

Åse Michaelsen (Frp)

TOPP: Åse Michaelsen blir Frp Vest-Agder sin toppkandidat ved Stortingsvalet.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Tusen takk, tusen takk. Å bli valt utan blanke stemmer er til å få frysningar på ryggen, sa Michaelsen umiddelbart etter at resultatet vart klart.

Mandalitten fekk 49 stemmer og hadde ingen motkandidat på nominasjonsmøtet i Songdalen.

– Eg tykkjer det er kjempebra. Det viser at Frp er i støtet. Eg har vore med på dette sirkuset i snart åtte år. Det å få bli valt utan motkandidat set eg utruleg pris på, seier Michaelsen til NRK.no.

Michaelsen har site to periodar på Stortinget. No håpar ho på ny regjering ved stortingsvalet neste år.

Henning Skumsvoll (Frp)

Henning Skumsvoll

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Kjell-Ivar Larsen (Frp)

Kjell-Ivar Larsen

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Øyvind Berntsen

Øyvind Berntsen

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– På Agder-benken er vi ti representantar. Sju av oss tilhøyrer opposisjonen. Det å vere med på å endeleg få til ting frå ein så tydeleg blå benk, det gler eg meg vanvittig til, seier ho.

Skumsvoll sluttar

Samstundes er det klart at Henning Skumsvoll (65) ikkje stiller til attval etter snart åtte år på Stortinget.

– Det er vemodig. Det vil merkast den dagen eg går ut av stortingsbygget at det er slutt. Særleg dersom Frp kjem i regjeringsposisjon, seier Skumsvoll.

Dersom Framstegspartiet skulle komme i regjering har Skumsvoll planen klar.

– Då vil eg bruke mykje tid på lobbyverksemd mot departementa eg kjenner, slik at eg kan vere til hjelp for industrien og næringslivet, seier han.

Fram til 1. oktober neste år held han fram som stortingsrepresentant. Etter det vil byggingeniøren truleg gå tilbake til jobben på Alcoa.

– Eller så finn eg på noko for meg sjølv. I såfall vert det einmannsbedrift, seier han.

Ny andrekandidat

Når Skumsvoll gir seg betyr det samstundes at eit nytt namn kan dukke opp på Stortinget. Kjell-Ivar Larsen (44) frå Kvinesdal vert partiet sin andrekandidat føre stortingsvalet. Også han vart einstemmig vald med 49 stemmer.

Arild Birkenes frå Songdalen vart føreslått som motkandidat, men han ynskte ikkje plassen og støtta Larsen.

Øivind Berntsen vann tredjeplassen. I siste votering fekk han 30 stemmer, medan motkandidaten Arild Birkenes fekk 19.

Kjell-Ivar Larsen vil ha eit stort fokus på vegbygging.

– Det er store og tunge saker vi vil jobbe fram, mellom anna firefeltsveg frå Kristiansand til Stavanger, seier han.

Han har tru på at partiet vil klare å få to representantar på Stortinget.

– Det skal vi klare, seier han.

Frp i Vest-Agder har no to representantar på Stortinget, Åse Michaelsen og Henning Skumsvoll, etter at partiet vart det største ved sist val.

Utsiktene til å kopiere denne suksessen, er imidlertid små, ifølgje dagens meiningsmålingar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %