Hopp til innhold

No blir det strålande sol i dagevis

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss lovar strålande sol og høge temperaturar på Sørlandet i lang tid framover.

Plutselig sommer

Det blir gode moglegheiter for bading dei neste dagane.

Foto: Alf Ove Hansen

– Eg kan ikkje sjå at det ligg an til særleg bygeaktivitet før langt, langt ut i neste veke, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss til NRK.

Kristen Gislefoss

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

Foto: Kaland, Ole / NRK

– Ferierande vil nok nyte godt av finvêret. Dei som ynskjer litt meir vete ovanifrå må nok sjå langt etter den type vêr med det første, seier han.

Varmerekordar og tropenetter

Det har allereie vore ein fantastisk sommar vêrmessig. Strålande sol og høge temperaturar har nærast gitt sydenstemning mange stader i landet.

Ved Lindesnes fyr har det vore målt to tropenetter så langt denne sommaren.

I Ulvik i Hordaland vart det sett ny varmerekord 10. juli då det vart målt 34,4 grader. Det er den høgste temperaturen som er målt i Hordaland på 125 år.

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss fortel at det blir høge temperaturar på Sørlandet i mange dagar framover.

– Fredag vil nok temperaturen gå over 20 grader. Kanskje 22–23 grader i makstemperatur. Vi bør i alle fall komme der i dag, og kanskje litt høgare, seier han.

Kan bli over 25 grader

Hynnekleiv i Froland og Landvik i Grimstad var dei varmaste stadene på Sørlandet torsdag.

Ifølgje Gislefoss kan vi vente endå høgare temperaturar i løpet av helga.

– Temperaturen vil stige gradvis. Mot siste del av helga er det ei god moglegheit for å komme opp mot 25 grader i makstemperatur rundt Kristiansand, seier statsmeteorologen.

– Litt lengre inn frå kysten vil temperaturen kanskje bli endå høgare, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %