Hopp til innhold

Finn fram solfaktor: Meteorolog trur på lang skisesong

Ikkje legg skia for langt vekk i kjellaren. Etter to magre år forventar mange skisenter ein super vårsesong. – Skisesongen kan bli lengre enn vanleg, ifølgje meteorolog.

Skiførere i skibakken på Sirdal i vinterferien 2022

ENDELEG: Sirdal Skisenter i Agder jublar for store snømengder og trur på lang sesong. I andre enden av Ski-Noreg - ved Narvikfjellet - trur dei på snø til godt ut i juni, og planlegg for sommarski med gondol.

Foto: SIRDAL SKISENTER

Etter to tøffe pandemisesongar kom endeleg frisleppet - og nysnøen - til store delar av Alpin-Noreg.

Camilla Sylling Clausen

OPTIMIST: Camilla Sylling Clausen representerer norske alpinanlegg.

Foto: Annette Finne Simonsen

– No ser det endeleg lysere ut for våre skianlegg, seier Camilla Sylling Clausen i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar.

Samanslutninga representerer 220 norske alpinanlegg.

– Dette var veldig etterlengta. Det er kjempefine forhold i bakkane. Vinteren er tilbake mange stader i fjellet, seier ho.

Ei rekkje skianlegg melder om jamleg påfyll av kvit vare dei siste dagane.

Mange som står i kø for å komme seg opp i trekket ved Sirdal Skisenter.

RUSHTID: Etter tre sesongar med nedgang i heiskortsal kunne Sirdal glede seg over 2000 gjestar laurdag. Gigantar som Hemsedal, Trysil og Hafjell opplevde i fjor nedgang for andre året på rad. No kan det snu.

Foto: SIRDAL SKISENTER

– Treng ikkje meir snø

– Her trengst det ikkje meir snø på ei stund, spøker dagleg leiar Øystein Tjørhom hos Sirdal skisenter på grensa mellom Agder og Rogaland.

Det har ikkje vore verdas finaste vêr så langt i vinter.

– Men no trur eg folk er klare for fjellet framover mot påska. Vi har snø til minst 1. mai!

Han meiner sjølv at føret i bakken er heilt fantastisk.

Øystein Tjørhom, daglig leder Sirdal Skisenter

NOK SNØ: Øystein Tjørhom, dagleg leiar hos Sirdal skisenter, fortel om snørike forhold og trur på sesong fram til 1. mai.

Foto: Erik Waage / NRK

Inntrykket er at 2000 besøkjande i trekket laurdag er samde.

– Førre helga opna vi for første gong i år alle heisane, så det er den beste helga vi har hatt så langt, fortel Tjørhom.

– Godt over påske

Bjorli Skisenter i Innlandet melder om massevis av snø.

Vi vil ha snø til godt over påske og ut heile april, til byrjinga av mai månad, seier dagleg leiar Anne Cathrine Enstad ved Bjorli Skisenter.

Dei har fått totalt over 6 meter med snø. På bakken ligg nå kring halvannan meter snø dei fleste plassane.

Gudrun Sanaker Lohne, destinasjonsleder SkiStar Trysil

MANGE SPRÅK: Gudrun Sanaker Lohne hos SkiStar Trysil seier mange gjester fann vegen frå utlandet.

Foto: privat

SkiStar melder om gode forhold både i Hemsedal og Trysil.

– Det er no bra snøforhold og alt ligg til rette for gode dagar på ski, seier Andreas Smith-Erichsen hos SkiStar Hemsedal, og legg til at sesongen held fram til 1. mai.

I Trysil har dei hatt besøk av turistar frå Skandinavia, England, Nord-Tyskland og Nederland.

Dei fekk draumeføre med sol og nysnø, ifølgje Gudrun Sanaker Lohne hos SkiStar Trysil.

– I fjor var det vanskelegare å kome seg inn i landet. Vanlegvis er 80 prosent av gjestene våre frå utlandet, så det er stor forskjell i år frå i fjor.

Betre enn på lenge

Hos snørike Myrkdalen Fjellheiser i Voss kommune selde dei 5000 skikort førre helg.

Og rapportane fortel om nydeleg føre, etter 30 cm nysnø før helga.

– Fleire av desse var tilreisande turistar. Det er kjekt å høyre andre språk igjen, seier John Ivar Norheim hos Myrkdalen Fjellheiser.

Pilene peiker no rett veg.

– Dei fleste avbestillingane er knytte til sjukdom. Men vi ligg godt framfor både fjoråret og året før, seier Norheim.

Sture Pilgaard Hovden skisenter

GLEDE I SØR: Sture Bodahl-Pilegård hos Hovden Alpinsenter i Agder seier besøkstala i vinterferien har vore fantastiske.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Etter ein litt skranten start på sesongen vêrmessig er Hovden Alpinsenter i Setesdal fornøgd med snøen som nyleg har komme.

– Eg er av den oppfatninga at laussnø skaper den store gleda i og utanfor løypene, seier dagleg leiar Sture Bodahl-Pilegård.

Måndag small det til med 2600 gjester i anlegget.

– Det er fantastiske tal. Vi er førebudde til storinnrykk kvar dag, seier Bodahl-Pilegård.

– Lengre enn vanleg

Trass i klimaendringar kan ein få eit og anna år med rikeleg nedbør som blir liggjande.

På landsbasis er det godt med snø i fjella.

Ferskaste snømåling frå Sirdal viser 102 centimeter snø.

– Sjansen er stor for at ein kan stå på ski lenger enn vanleg i år. Ein meter snø no gir gode sjansar for at snøen ligg ut påska, seier meteorolog Unni Nilssen.

Men garantiar kan ho ikkje gi.

– Det er vanskeleg å seie om snøen ligg til 1. mai. Mykje mild luft, lågtrykksaktivitet, vind eller regn til våren vil føre til auka snøsmelting, seier ho.

Fleire skitrekk har sommarskikøyring som tradisjon.

– Der kjem så mykje snø på vinteren at ein alltid har ein buffer å gå på, seier Nilssen, som har tru på at snøen i Narvik kan liggje til sommaren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %