Hopp til innhold

Menn over 60 dominerer vallistene

Kvar femte kandidat til kommune- og fylkestingsvalet i haust er ein mann over 60 år. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har flest kandidatar under 30 år.

Stemmelokaler

19 prosent av alle kandidatar til lokalvalet er menn over 60 år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Som i alle år, er det også denne gongen flest menn som stiller som kandidatar. Kvinnedelen er på 43 prosent av dei nesten 60.000 kandidatane.

Kjønnsbalansen er skeivast i dei eldste aldersgruppene, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Marte Rostvåg Ulltveit-Moe

Marte Rostvåg Ulltveit-Moe er leiar for MDG i Kristiansand.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK
Kjell Ingolf Ropstad (Krf)

Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

19 prosent av alle kandidatar er menn over 60 år. Kvinnene utgjer i denne aldersgruppa 11 prosent.

Her er det flest unge

– Det er viktig at dei som stiller til val er rimeleg representative for befolkninga. Ein veit at akkurat denne aldersgruppa har vore litt for godt representert, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til NRK.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har flest listekandidatar under 30 år,

– Den eine grunnen trur eg er at vi er eit nytt parti i veldig mange kommunar, som trekkjer til seg folk som ikkje har følt seg heime i noko parti eller politikken i det heile, seier Marte Rostvåg Ulltveit-Moe, som er leiar i MDG i Kristiansand.

– Så trur eg at mange under 30 år kanskje er endå meir uroa for miljøproblema enn dei som har bikka 50 år, og kanskje har eit litt kortare perspektiv på ein del av dei store politiske kampsakene som til dømes nye motorvegar, seier ho.

Ropstad: – Utfordring for KrF

I den andre enden finn vi Kristeleg Folkeparti som har færrast kandidatar under 30 år. Kjell Ingolf Ropstad kom inn i kommunestyret for første gang som 18-åring.

Han vedgår at partiet har ei utfordring med å trekkje til seg unge menneske.

– Eg har ikkje noko godt svar på kvifor det er slik. Men generelt er det ei utfordring spesielt for KrF, men også andre parti med å få fleire unge på listene, seier Ropstad til NRK.

Ifølgje oversikta frå SSB aukar delen kvinner og personar medinnvandrarbakgrunn noko ved valet i år.

Kvinnedelen har auka med 1 prosentpoeng frå valet for fire år sidan, mens delen medinnvandrarbakgrunn har stige 0,7 prosentpoeng til 4,2 prosent.

Det er store forskjellar mellom partia. SV har fleire kvinnelegekandidatar enn mannlege, tett følgt av Miljøpartiet Dei Grøne, som har om lag 50/50. I andre enden ligg Framstegspartiet, som har ein kvinnedel på 27 prosent.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %