NRK Meny
Normal

Menigheden tek «time-out»

Start sin supportarklubb, Menigheden, innstiller all aktivitet for 2010-sesongen.

Starts supportere, Menigheden

NY KURS: Menigheden innstiller all aktivitet resten av sesongen. Ei arbeidsgruppe skal arbeide fram mot 2011-sesongen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Det vart avgjort på eit ekstraordinært årsmøte i supportarklubben laurdag.

– Vi har bestemt å innstille Menigheden sine aktivitetar i 2010 til nye tankar og idéar er komme fram, seier talsmann Alf Petter Mollestad til NRK.

Tidlegare i år vart alle borteturane avlyst på grunn av fyll, lovbrot og dårleg oppførsel. I borteoppgjeret mot Strømsgodset i Drammen tente Start-supportarar eit bengalsk lys. Det var då supportarklubben avgjorde at alle borteturane denne sesongen vert avlyst. No skal klubben bruke tid til å stake ut ein ny profil.

Spør medlemmane

– Vi vil sjå på moglegheitene for framtida. Vi skal kontakte både eksisterande og tidlegare medlemmer. Alle som har interesse og vil meine noko om supportarklubben og Start skal få seie det dei vil. Så vi vil utarbeide eit spørjeskjema, som vi håpar flest mogleg vil svare på, seier Mollestad.

Men det ekstraordinære årsmøtet opna likevel for borteturar i løpet av sesongen.

– Dersom leiargruppa, saman med ei arbeidsgruppe som vart sett ned, finn ut at ein vil køyre tur, ha eit regelverk og at vi har nok frivillege til ein tur til Stavanger i august, gjer vi det. Det er ikkje heilt låst, seier han.

Men ein ting er dei fleste medlemmene klare på, ifølgje Mollestad.

Svekka omdømme

– Folk flest vil ikkje ha det slik det er no, der det er for lite engasjement for å få aktivitetane til å gå rundt og at ein ikkje har klare standpunkt i forhold til omdømme. Der må vi bli tydlegare, seier han.

Etter fleire uheldige episodar på tribuna, vedgår talsmannen at omdømme til Menigheden er svekka.

– Det har vore betre før, så det har fått innverknad, seier han.

Mollestad vedgår at nedleggjing av supporterklubben har vore diskutert.

Nedleggjing har vore tema

– Det har vore eit tema, ja. Det har vore lufta internt i leiargruppa, men har aldri vore noko reelt alternativ. Supporterklubben er såpass viktig for dei medlemmene som er der og for klubben ikkje minst. Det blir aldri noko reelt alternativ for medlemmene å leggje ned supporterklubben, seier talsmannen.

I løpet av hausten og vinteren skal Menigheden finne ein ny kurs. Mollestad håpar det ekstraordinære årsmøtet markerer starten på noko nytt.

– Det var optimisme. Det var eit godt årsmøte, der vi fekk inn veldig mange innspel. Det var også nye, engasjerte, som vi ikkje kjente til frå før som dukka opp. Dette lovar absolutt godt for framtida for supporterklubben og arbeidet i arbeidsgruppa, som skal sjå fram mot sesongen 2011, seier Mollestad.