Hopp til innhold

Meinseth drøymer om EM-medalje

Sprintaren Even Meinseth (19) frå Grimstad er ein av dei heitaste medaljekandidatane på 200 meter under U20-EM i friidrett.

Even Meinseth

Even Meinseth ser fram til å springe 200 meter under U20-EM i Eskilstuna fredag kveld. Bilete er frå Bislett Games i juni.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det kjem til å bli veldig jamt. Eg har eit indre mål om å klare medalje. Men så lenge eg persar og spring mitt beste kan eg ikkje gjere noko meir, seier Meinseth til NRK.

Sørlendingen har den 6. beste tida i Europa på 200 meter for juniorar. Før han på lista ligg fem frå Storbritannia. Men det er berre lov til å stille med tre løparar frå kvar nasjon. På papiret er dermed Meinseth ein av dei store medaljefavorittane.

Droppa 100 meter

– Finalemoglegheitene er i alle fall ganske store om eg presterer opp mot mitt beste, seier han.

Even Meinseth

Sprintaren Even Meinseth (19) frå Grimstad.

Foto: privat

Fredag klokka skal mennene springe forsøksheat på 200 meter. Dersom Meinseth går vidare skal han springe finale laurdag ettermiddag.

– Eg trur at forma er veldig bra. Det har verka slik på trening. Det blir spennande å sjå kor fort det går i forsøket, seier han.

Onsdag fortalde NRK at Meinseth valde å droppe 100 meter for å vere best mogleg budd til 200 meteren.

– Det er ganske tett program i eit meisterskap som går over fire dagar. Eg har betre sjanse til å hevde meg på 200 meter. Sidan 100 meteren går først har eg valt å droppe den, sa Meinseth onsdag.

Per i løp etter løp

Meinseth har teke store steg som sprintar denne sesongen. Han har sett ny personleg rekord i nesten kvart einaste løp.

19-åringen sjølv er overraska over det han har prestert.

– For eitt år sidan hadde eg ikkje sett føre meg at eg kunne vere ein medaljekandidat i EM. Men eg har jobba målretta og trudde eg skulle få framgang, men kanskje ikkje så mykje, seier han.

10 beste i Europa på 200 meter (menn junior)

Namn

Nasjon

Tid (vind)

1. Elliot Powell

Storbritannia

20,68 (+0,9)

2. Reece Prescod

Storbritannia

20,70 (+0,8)

3. Cameron Tindle

Storbritannia

20,94 (+1,9)

4. Tommy Ramdhan

Storbritannia

21,00 (+1,9)

5. Toby Harries

Storbritannia

21,01 (+0,6)

6. Even Meinseth

Norge

21,07 (+0,2)

7. Ján Volko

Slovakia

21,08 (-0,5)

8. Kai Köllmann

Tyskland

21,09 (+0,9)

9. Karsten Warholm

Norge

21,10 (+0,9)

10. Jonathan Quarcoo

Norge

21,12 (+0,2)

10. Freddie Owsley

Storbritannia

21,12 (+0,2)

Ekspander/minimer faktaboks

10 beste i Europa på 100 meter (menn junior)

Namn

Nasjon

Tid (vind)

1. Ojie Edoburun

Storbritannia

10,25 (+1,3)

2. Filippo Tortu

Italia

10,33 (+0,6)

3. Joseph Dewar

Storbritannia

10,34 (+0,1)

4. Lukas Hein

Storbritannia

10,36 (+1,2)

5. Reuben Arthur

Storbritannia

10,38 (+1,9)

6. Oliver Bromby

Storbritannia

10,42 (+1,7)

7. Austin Hamilton

Sverige

10,43 (+1,3)

8. Tommy Ramdhan

Storbritannia

10,45 (+2,0)

9. Amaury Golitin

Frankrike

10,46 (+1,0)

10. Gustav Kjell

Sverige

10,50 (+1,3)

10. Rechmial Moller

Storbritannia

10,50 (+0,3)

17. Even Meinseth

Norge

10,55 (+0,1)

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %