NRK Meny
Normal

Meiner Sørlandssenteret lokka kundar med gratis alkohol

Ein SMS frå eit av Norges største kjøpesenter der dei lokka med gratis drikkebongar til kundar vekkjer reaksjonar. – Dette er ulovleg marknadsføring, seier kommunen.

SMS fra Sørlandssenteret

Denne SMS-en vart sendt ut til kundeklubben til Sørlandssenteret onsdag.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Kim Henrik Gronert

Kim Henrik Gronert er for fagansvarleg for bevilling i Kristiansand kommune.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Vi opplever at bruken av ordet drikkebongar, som er eit godt innarbeidd omgrep i norsk språk, Vi tenker på alkohol når vi høyrer det, seier fagansvarleg for bevilling i Kristiansand kommune, Kim Henrik Gronert til NRK.

Onsdag ettermiddag fekk over 32 000 medlemmer av kundeklubben ein SMS frå Sørlandssenteret i Kristiansand.

Her er SMS-en

Meldinga vart sendt ut i samband med arrangementet «Sommer på senteret» som blant anna omfattar ein gratiskonsert.

I SMS-en stod det følgjande:

«Vi ønsker alle våre medlemmer GOD SOMMER, og deler ut 2 gratis drikkebonger til 400 medlemmer, ifm "SOMMER PÅ SENTERET" lørdag 23.7 kl. 19. (...) Førstemann-til-mølla. Billett hentes i informasjonen lørdag kl 10–18. Vi sees!»

– Mange av mine kollegaer har fått SMS-en og har lurt på kva eg har tenkt å gjere med det. Då tenker eg at det betyr det at dei oppfattar at det var eit tilbod om å få gratis alkohol mot at du melde deg tidleg, seier Gronert.

– Er dette ulovleg?

– Ja, dette er ulovleg. Det er ikkje høve til å reklamere for alkoholprodukt eller å bruke alkohol til å tiltrekkje seg folk til eit arrangement, seier han.

– Har blitt misforstått

Senterleiar Ruben Storevold meiner at meldinga som vart sendt ut har blitt oppfatta feil. Han hevdar det aldri var meininga å servere alkohol på drikkebongane.

– Vårt ønske var at ein skulle få gratis mineralvatn eller kaffi om ein kom på senteret. Vi har sett i ettertid at det kunne misforståast, seier han.

– Så det var aldri meininga at kundane skulle få alkohol med desse bongane?

– Tanken var at kundeklubben skulle få noko gratis av oss. Både konsertoppleving og i tillegg gratis mineralvatn eller kaffi. Vi ser i ettertid at ordlyden har blitt misforstått. I og med at dette er eit 18 års arrangement ser vi i ettertid at vi burde gjort det på ein annan måte, seier han.

Ruben Storevold

Ruben Storevold er senterleiar på Sørlandssenteret.

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

Senterleiaren beklagar

– Men var tanken å servere alkohol på drikkebongane?

– Ikkje på drikkebongane. Men det vert servert alkohol på området, seier han.

– Så om du hadde levert inn ein slik drikkebong ville du ikkje fått alkohol?

– Det var ikkje hensikta nei. Men vi ser ut ifrå at det vert selt alkohol på området, så har folk misforstått dette. Det tek vi til etterretning og ynskjer å gjere noko med, og sender ut ny SMS der vi spesifiserer dette. Vi beklagar det som har oppstått, seier Storevold.

Kommunen varslar at meldinga kan få reaksjonar.

– Kva reaksjon det blir må vi komme tilbake til, seier Gronert.

"Sommer på Senteret" har brutt loven om alkoholreklame ved å tilby de første som møter opp gratis drikkebonger. Sørlandssenteret sier selv det ikke var siktet til alkoholholdige drikker.